Innleid arbeidskraft, kantklipparen er bortsett denne sesongen
I Øyagrenda er det den siste veka kommet fire yndige boergeiter for å hjelpe til med krattryddinga. Det er bebuarane på Kvernhaugen og Byteng som no slår eit lag for å redusere gjengroinga med hjelp av geiter. -Vi skal ha dei i to månader, og reknar med at dei lett klarer å beite ned området vi har avgrensa for dei, fortel John Moe. Dei får ikkje heile arealet på ein gong, men vi utvidar det litt etter litt.