Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storaksjon med motorsag og gravemaskin på kyrkjebakkan

Jon Olav Ørsal Måndag 7. september 2020

I dag måtte det store tuntreet på kyrkjebakkan i Todalen berre gje seg for overmakta.  Entreprenøren Mesta frå Surnadal troppa opp med ei stor gravemaskin, og ein lastebil med container for å ta det store tuntreet. Det har stått der lenge – kanskje sia kyrkja vart bygd i 1861 –  og var i ferd med å bli veldig stort.  Kanskje var det råteskadd i kjerna også, og dermed ein farge for bygningar – både bårehuset og Svorkas transformatorstasjon var i faresona.  Men eit av dei store spørsmåla star det att å få svar på – kva slags tre var dette, egemtleg?

Her går tuntreet overende med litt hjelp frå gravemaskina. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er nok mange som har lurt på kva treslag dette er?  Det har nok vore fleire forslag oppgjennom tida, men ingen har konkludert og fastslege kva treslag det er.  Det har vore forslag om at det kanskje er alm, men det er det nok ikkje.  Kanskje er det ein slags pil da, eller kanskje poppel som det også er nemnt – men er det nokon som kan konkludere?

Stort var iallfall treet – lengde frå rota og heilt oppi toppa er nærare 24 meter, og treet har 3,5 meter i omkrets like ovafor rota.  På 10 meter har treet ein diameter på 80 centimeter. Dersom vi har rekna rett er treet på rundt 11,5 m3 – dersom toppen går ut i 0. 

Sjølv om treet var stort, så var det fort gjort å felle det. Ola Nordvik stillte med motorsag med spesielt langt sverd på, og det kom godt med. Med litt hjelp frå gravemaskina gikk treet overende og retninga var perfekt med tanke på å unngå skade på bygningar.  Øvrige mannskap var Geir Magne Haugen og Birger Moen frå Mesta – Birger med gravemaskin og Geir Magne med lastebil med container.

Ola Nordvik hadde med seg storsaga, med ekstra langt sverd, da var det berre å gi seg over. Treet er kanskje like gamalt som kyrkja – frå 1861? Foto: Jon Olav Ørsal

Vi har laga eit bildegalleri frå «aksjon trefelling» på kyrkjebakkan ved Todalen kyrkje – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. september 2020, 13:08