Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bryn – Søya/Todalen G12

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. september 2020

I dag kl. 12 spela Søya/Todalen G12 sin tredje og siste kamp for denne helga på Bryn kunstgress. Motstandar var Bryn G12. Kampen var lenge jamspelt, men heimelaget hadde mest krefter og avgjorde etter kvart kampen til sin fordel. Med tanke på at dette var tredje kampen på 24 timar, så er det nok ikkje så rart at kreftene etter kvart tok slutt for bortelaget. Marius Kvande scora bortelaget sitt mål.

Koronatilpassa helsing før kampen startar

Då skal spelarane heim å lade batteria etter to dagar med tre kampar. Men det bli ikkje så mykje kvile, for allereie tysdag blir det trening att for å førebu seg til dei fire siste kampane før sesongen er over. Laget overnatta som tidlegare nemnt på Hustadvika Gjestegård. Dei har hatt eit fint opphald med god mat og sosialt samvær. Da står det berre att å ønskje god tur heim! Vi takkar nok ein gong Gunnar Nordvik og Solveig Kvande for info og bilete.

Lagbilete – bilete som er teke før avreise frå Hustadvika.

Bilde frå turen til Hustadvika og kampen mot Bryn 

Publisert: 6. september 2020, 13:50