Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alt tyder på at det er balsampoppel

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. september 2020

Det er fleire som har respondert på kva slags tre som var felt på kyrkjebakken måndag. Svara er ganske eintydig, og går i retning poppel og da aller helst varianten balsampoppel.

Ove Magne Aasen var først ute, og han svarte kort og godt: – Poppel, kanskje balsampoppel🤔 lukter i så fall spesielt.

Ei liten kvist som viser korleis lauvverket ser ut. Foto: Jon Olav Ørsal

Jacob Reurink er nestemann ut: Kanskje det kan være svartpoppel?, skriv han og legg til at materialane kan brukast til bl.a. tresko (Kan legge til at Jacob Reurink kjem frå Nederland)
Han har lagt ved link om film om treskoproduksjon og ein link til bilde av svartpoppel

Jarle Halgunset ringte oss frå Erfjord i Rogaland. Jarle kjem frå Rindalsskogen, men har vore lærar i Rogaland.
Han og trur det er poppel – og aller helst balsampoppel.  Kjenneteikn er balsamlukt frå knoppane og lysare underside på bladverket. Og det stemmer heilt med kvisten frå treet som vi har sikra oss.
Jarle seier vidare at balsampoppel var vanleg å plante som tuntre for ca. 100 år sia, og at den stammer frå Nord-Amerika. Balsampoppel er i slekt med osp.  Balsampoppel er hardfør, og formerer seg med rotskot (eige kjønn) – eller med frø der det er fleire planter av begge kjønn.

Du kan lese meir om poppel på Artsdatabanken eller på Wikipedia

Det er dimensjonar over rotstokken på treet som altså ser ut til å være av arten balsampoppel, som egentleg stammar frå Nord-Amerika. Det var vanleg å plante som tuntre for 100 år sia – no er det på svartlista! Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 8. september 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 7. september 2020, 21:49