Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spesialrådgjevar Alfred Øverland brukte mykje av sin taletid på Talgø konsernet og dei vekstplanene dei har dei neste åra.

Talgø med behov for 70 nye tilsette dei neste 4 åra

Stig Husby Fredag 11. september 2020

I dag er det strategisamling for næringsutvikling i Surnadal, der SuSu styret har invitert både lokale politikarar, fylkespolitikarar og næringslivet i Surnadal og Sunndal. Hovedtema er næringsregionen Indre Nordmøre inn i framtida, realisering av Todalsfjordprosjektet og vekst i regionen. 

Spesialrådgjevar Alfred Øverland frå Innovasjon Norge heldt eit innlegg som i all hovudsak omhandla Talgøkonsernet.

Det var tydeleg at Øverland har hatt tett dialog med Terje Talgø, og var godt satt inn i planar Talgøkonsernet har for dei neste åra. Terje Talgø og Talgøkonsernet vart gjennomgåande brukt som prakteksemplet på vekst og modig satsning, og no planlegg dei med 70 nye arbeidsplassar dei neste 4 åra. Og kvar skal desse bu, spurte Øverland seg.  For det er ikkje tvil om at det her trengst arbeidskraft utanfrå regionen.

Indirekte betyr dette 200 stillingar i andre nærskylde næringar i kommunen, og det blir behov for ny kompetanse. Nøkkelordet her blir berekraft, der Talgø allereie har kome langt.  

Ei slik vekst vil òg medføre auka transportbehov for varertransport ut frå anlegga i Todalen og Surnadal, og det kan bety ei dobling av transportbehovet slik det er i dag. 

Desse planane vil medføre at Talgøkonsernet kjem til å passere milliarden i omsetning i 2023. 

Vi kjem tilbake med fyldig dekning av heile samlinga i Surnadal i løpet av dagen. 

 

Publisert: 11. september 2020, 13:26