Kulturinformasjon og tilskotsordningar for lag og privatpersonar
Her finn du opplysningar om tilskotsordningar (medrekna spelemidlar) som kan vere nyttige både for lag og privatpersonar i Surnadal – samt informasjon om bibliotek og Gåte-konsert.
Vi fann 3614 artiklar i dette arkivet.
Her finn du opplysningar om tilskotsordningar (medrekna spelemidlar) som kan vere nyttige både for lag og privatpersonar i Surnadal – samt informasjon om bibliotek og Gåte-konsert.
Måndag ettermiddag kl. 19:45 var det trekning i Sommarlotteriet til Todalen Idrettslag. Totalt vart det selt 870 lodd, noko som gjev 17.400 kroner til drifta av idrettslaget. Inntekta frå lotteriet er særs kjerkoma i desse Koronatider der det er vanskeleg å finne inntektskjelder til drifta av idrettslaget.
Surnadal pensjonistlag melder:
Torsdag 3. september går turen til Årnes. Vi parkerer ved Jørristua.
Ta med stoler.
Søndag var det utandørs gudsteneste i Svinviks Arboret. Vêrgudane varta opp med variert vêr og det måtte takast to pausar under gudstenesta då det regna på det meste, men etter kvart kunne både barnedåp og resten av gudstenesta fullførast. Mot slutten kika sola til og med fram og varma dei mange frammøtte. Det var liturg Kristin Strand som leia oss gjennom gudstenesta. Dagens tekst hadde Strand henta frå Matteus Evangeliet. Bernt Idar G. Bøe spela orgel/keyboard og P17 Koret bidrog med song. Dagens takkoffer gjekk til konfirmantarbeidet i Todalen kyrkje. Til slutt var det presentasjon av neste års konfirmantar.
I dag har Surnadal Arbeiderparti med delegatene Ingrid Bergheim, Annett Ranes, Mons Otnes, Odd Arild Sande og Laila B. Aune deltatt på årsmøtet til Møre og Romsdal AP. På grunn av smitteverntiltak, ble det for første gang gjennomført over videokonferanse/Teams.
Søndag 30. august er det tillyst friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Soknerådet presiserer at den startar kl 12:00 og at det er bestemt at den blir arrangert ute. Det kan skje at det blir nokre regndråpar under arrangementet, så difor oppfordrar soknerådsleiar Kristian Gjeldnes til å ta på gode sko og varme klede.
Det er nok første gongen at det er berre konfirmantane og deira familiar som får sleppe inn i kyrkja på konfirmasjonsgudsteneste. Men like fullt vart det ein flott konfirmasjonsgudsteneste, som både konfirmantane og andre som var til stades vil minnast. I sin tale til konfirmantane omtala sokneprest Kristin Strand korleis førebuingane har vore prega av «korona-situasjonen» og korleis dei har takla problema som har oppstått. Med seg på vegen til det vaksne liv fikk konfirmantane med seg eit godt råd: «Lev eit langt-, godt- og morosamt liv. Få det beste ut av livet og hugs at det går som oftast bra».
Laurdag er det siste sjanse til å kjøpe lodd i Todalen Idrettslag sitt Sommar-lotteri. Det vil vere førehandssal på Matkroken Todalen i tidsrommet 10-15. For dei som ikkje har høve til å kome dit, er det mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926 fram til kl. 20 laurdag kveld (29.08.2020). Når du kjøper lodd via Vipps må du hugse å skrive kven som er loddkjøpar.
Tirsdag 1.9. går Fjellgruppa til Vassdalen innerst i Vindøldalen. Vi møtes på parkeringsplassen før bommen kl 11, og derifrå samkjører vi mest mogeleg til Breiskarbekken. Så blir det ein fin gåtur ca 11/2 time til Vassdalen. Hugs matpakke og termos! Alle er velkomne til å bli med på turen, skriver Surnadal pensjonistlag i en epost.
Torsdag kveld hadde REKO-ringen i Surnadal/Rindal vareutlevering på parkeringsplassen til ALTI-Surnadal. Mange møtte opp for å hente varene dei hadde bestilt frå dei forskjellege lokale matprodusentane via Facebook-gruppa til REKO-ringen i Surnadal/Rindal.
PRESSEMELDING FRA SURNADAL SPAREBANK SpareBank 1 Nordvest og Surnadal Sparebank går sammen om å skape en ny og slagkraftig lokal sparebank. To tradisjonsrike og sterke lokalbanker vil nå gå sammen for å skape en enda mer attraktiv og sterkere lokal sparebank. Surnadal Sparebank og SpareBank 1 Nordvest offentliggjør nå at de ønsker å bygge en ny bank som […]
Torsdag kveld var det kamp mellom Søya/Todalen J9/10 – Sunndal J10 på Søyabanen. Dette er eit samarbeidslag som spelar 5-er fotball. Kampen var jamspelt, men bortelaget var meir effektive framføre mål og avgjorde difor kampen til sin fordel. Natalie Astrid Brusethaug scora heimelaget sitt mål etter ein innøvd corner.