Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongens siste fotballkamp på Bordholmen stadion

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. september 2020

I fint vindstilt haustver vart sesongens siste fotballkamp på Bordolmen stadion spela i kveld. Kampen var eit lokaloppgjer mellom Søya/Todalen G9/10 og Surnadal G9. 

Første omgang starta med eit lite spelemessig overtak til heimelaget. Vi skal her ta med at dette var første kampen Surnadal G9 spela 7-er fotball. Utover i omgangen kom dei mykje meir med i kampen og begynte å skape sjansar. Etter at Surnadal skifta ut heile laget sitt midtvegs i omgangen vart dei farlegare framom mål òg, og  dei scora eit par mål før dommar Trym S. Kvendset bles av til pause. 

Surnadal G9 hadde ein stor tropp til kampen. Foto: B G Ansnes

Andre omgang vart meir jamspela og båe lag varta opp med skikkeleg godt og underhaldande spel. Båe laga spela seg fram til mange gode sjansar etter godt angrepsspel, der fleire av dei var tekne ut av den såkalla «læreboka». Surnadal bytta og i andre omgang heile laget midtvegs i omgangen. Heimelaget vann kampen til slutt. 

Det var god innsats gjennom heile kampen av båe lag og for dei mange frammøtte varma nok spelet meir enn temperaturen. Alle spelarane på båe laga fekk etter kampen is av Todalen I.L. 

Søya/Todalen G9/10. Foto: B G Ansnes

Trenar for Surnadal Trond Blekken var godt fornøgd med laget sitt etter kampen. Spesielt med at laget kjempa godt heile kampen. 

Trenar for Søya/Todalen Ivar Vikan var òg godt nøgd med sitt lag sin innsats. Han prøvde nokre spelarar i nye posisjonar i denne kampen og det fungerte godt tykte han. Innsatsen og spelet tykte han bar veldig bra gjennom heile kampen.  

Søya/Todalen sine mål vart scora av: Magnar Vikan 2, Trygve Aleksander Halle 2, Anders D. Bruset 2, Ådne Gjeldnes 1 og Erlend S. Polden 1. 

Søya/Todalen sitt lag: Trygve Aleksander Halle, Erlend S. Polden, Magnar Vikan, Ailo K. Røen, Jens Sancho Ansnes, Sindre M. Rodal, Anders D. Bruset, Lars Ailo Gjeldnes og Ådne Gjeldnes. 

Då har Søya/Todalen ein kamp att denne sesongen. Den blir spela på Søyabanen onsdag 30.september kl. 18:00. 

 

 

 

Først publisert: 28. september 2020, 19:15 - Sist oppdatert: 29. september 2020, 07:13