Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markdag med Landbruk Nordvest i Utigarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Måndag hiva vi oss med på markdag, med Landbruk Nordvest som arrangør og med Olaug Kvendset og  Asgeir Longva som vertskap. Tema for markdagen var jord og jordhelse, og vi fikk ei innføring i korleis vi sjølve kan undersøke jorda vår.  Det kan være mange grunnar til at ein bør undersøke jorda si.  Ved å grave litt og sjå på resultatet kan ein finne fleire signal på om det er naudsynt med tiltak for å betre jordkulturen. Det har nemleg stor betydning for om plantene vil trivast og kor stor avling ein kan få.

Ein kan finne ut mykje med å sjå, lukte og ta på jorda. Foto: Jon Olav Ørsal

Ein av faktorane er bruk av tunge maskiner som tråkkar jorda slik at ho blir kompakt og tett.  Andre faktorar kan være jordtypen som ein kan påverke til det betre med å tilsette rett type gjødsel, kalking og andre tiltak. Ei slik undersøking kan gjerast enkelt, der du graver litt og analyserer den jorda du tek opp – her kan du både kjenne på jorda, sjå og lukte.  Ser du på røtene får du også ein indikasjon på korleis helsetilstanden er, og vanninfiltrasjonen er ein indikasjon på om jorda er pakka.   

To av rådgjevarane for Landbruk Nordvest, Maud Grøtta som er rådgjevar med økologisk jordbruk som spesiale og Frode Grønmyr, som er rådgjevar med gras, korn og potet som spesiale sørga for fagleg input. Dei to gjorde stor lykke med trusestuntet, der dei viste korleis jorda bryt ned organisk materiale.  Trusene var gravd ned tidlegare i sommar og resultatet vi fekk sjå var ganske overbevisande

Trusa til Frode Grønmyr er laga av organisk materiale og er nedbrytbar. Foto: Jon Olav Ørsal

På tampen av markdagen kom eit nytt tema på banen. Kva gir det beste resultat – 2 eller 3 slåttar når ein reknar med alle faktorar. Det fikk vi egentleg ikkje noko konkret svar på, for det er mange forutsetningar som må være til stades. Det spørs kva grasartar ein dyrkar og korleis jorda er og både nedbør og temperatur spelar inn på resultatet.

Oppfatta eigentleg at rådgjevarane heldt ein knapp på 2 slåttar, men samtidig var dei opptekne av at det er veldig viktig å ha ei plan for 2- eller 3 slåttar.  Sterkaste argumentet mot 3 slåttar er dårlegare førsteslått året etter om du har 3 slåttar. Men til sjuande og sist er det kanskje været som bestemmer kva som er best?

Dei ymse grastypane reagerer forskejllig på ein eventuell 3.-slått. Foto: Jon Olav Ørsal

Maud Grøtta frå Landbruk Nordvest i gang med å grave ut ein jordprøve. Foto: Jon Olav Ørsal

Deltakarane fikk plansjar som viste kva ein skulle sjå etter ved vurdering av jordtypar. Foto: Jon Olav Ørsal

…og medan deltakarane på markdagen diskuterte om 2 eller 3 slåttar var best så gikk slåmaskinene på jorda rundt omkring og sørga for nettopp ein god 3.-slått! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. september 2020, 16:52