Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarro sin hyllest til Hyldbakk og freden

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. september 2020

Søndag 18.oktober kl. 18:00 inviterer Teatret Vårt til teaterkonserten «Vårsøg 75 år». I år er det 75 år sidan Hans Hyldbakk skreiv diktet Vårsøg våren 1945. Diktet prisar våren og ikkje minst at frigjeringa frå 5 år med tysk okkupasjon var i anmarsj denne våren. 

Foto: Teatret Vårt

Henning Sommerro og eit handplukka ensemble med John Pål Inderberg, Sara Fellmann og Julie Støp Husby tek deg med på ei musikalsk reise i Hyldbakk si verd. Sommerro har laga nye versjonar av sine vakre melodiar, og med unike lydopptak og Kleiva-brev kan vi sjå på Hyldbakk sitt liv og tekstar med nye augo. 

Sommerro og Inderberg er vel kjende frå før, og Fellman og Støp Husby var seinast innom Surnadal med «Slåttakar i Himmelen», skrive av Edvard Hoem. Støp Husby har òg ei viss lokal forankring, då ho er dotter til Per Husby, kjend pianist med røter i Øksendalen. 

Foto: Teatret Vårt

«…i år er trua og vona større og rikare enn nokon gong for, for no lovar våren meir enn på lenge, (…) det ser ut til at sommaren kjem med den freden i fanget, som vi har venta så sårt på. Alt tyder på at no kan det ikkje vera lenge att før krigen er slutt» (frå Vårbrev 1945 av Hans Hyldbakk)

Billettar til til «Vårsøg 75 år» får du kjøpt i billettautomaten på Kulturhuset eller ved å trykkje på lenkja: «Vårsøg 75 år».

Publisert: 30. september 2020, 15:20