Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sunndal J10 – Søya/Todalen J9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. september 2020

Måndag kveld spela Søya/Todalen sitt J9/10 lag sin siste kamp for sesongen. Kampen vart spela inne i Hydro-Hallen på Sunndalsøra, og motstandar var Sunndal J10. Laget frå Sunndal er seriens beste lag og var store favorittar til kampen. 

Første omgang var jamspelt med godt spel og god innsats. Spesielt bortelaget sitt forsvar spela godt og Sunndal hadde store problemer med å spele seg fram til store sjansar. I andre enden greidde bortelaget derimot å skape fleire store målsjansar. Då dommaren bles av til pause var det bortelaget som gjekk til pause med ei knapp og overraskande leiing, men fullt fortent ut i frå spel og sjansar, 

Søya/Todalen på full fart framover. Foto: Anton Brusethaug

I andre omgang hadde heimelaget kome seg over «sjokkopninga» til bortelaget og kjempa til seg eit lite spelemessig overtak. Men bortelaget «beit» framleis godt frå seg med godt duellspel og god laginnsats. Bortelaget kom til fleire store målsjansar, men ballen ville ikkje i mål, med unntak av ein gong i andre omgang. Då dommaren bles av kampen for full tid hadde heimelaget så vidt greidd å snu kampen til sin fordel resultatmessig. 

Søya/Todalen med nok eit angrep. Foto: Anton Brusethaug

Trenar for Søya/Todalen J9/10 Jens Nervik er full av lovord om laget sin innsats i kveldens kamp og seier at kveldens kamp utan tvil var årsbeste for laget. Han er og full av lovord om utviklinga til laget gjennom sesongen. Dei har utvikla seg mykje både med tanke på samspel, forståing og innsats. Dette er eit godt grunnlag som dei kan bygge vidare på for dei komande sesongane. Han vil til slutt takke jentene for årets sesong!

Søya/Todalen sine mål vart scora av: Anna Vikan 2 og Oda Helene Kvendset 1. 

Søya/Todalen sitt lag: Martine T. Øyen, Mia Kvande, Sigrid N. Grønnes, Anna Vikan, Natalie Astrid Brusethaug, Oda Helene Kvendset og Eline S. Polden. 

Publisert: 29. september 2020, 06:00