Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3284 artiklar i dette arkivet.


For auge og øre

Bernt Bøe Torsdag 8. august 2019

Folkemusikaren Torgeir Leivdal og fotokunstnaren Reidar Østvik gjestar Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Levande musikk og vakre bilete står på programmet.

Reidar Østvik bur i Todalen. Han arbeider med teknikkar som gir vanlege foto nye kunstnarlege dimensjonar og viser eksempel på dette. Østvik gjesta Bøfjorden også i 2011.


Mat, motivasjon og musikk for ein 200-lapp!

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2019

Det er fortsatt rå å få tak i billettar til laurdagens jubileumsfest i Todalen Ungdomshus. Marit Tørset og Edvard Nordvik på Matkroken har så langt solgt i underkant av 40 billettar siste veka, og har heilt klart fleire igjen. Mange ventar kanskje i lengste laget før dei kjøper, og satsar kanskje på salg ved døra trur dei to, noko som gjer det litt utfordrande for dei som planlegg matserveringa.


Inviterer til tapasaften

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2019

I morgon torsdag 8. august inviteres det til spansk tapasaften på Pakkhuset kl 19. I år som tidlegare er det dei spanske kokkene fra  Holmatrøa som står for serveringa.

Påmelding direkte til Siri Lund eller ved ein sms på  telefon 47613150.


Oppgraderer kloakksystemet for Kvennsetøran

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2019

Det har i lengre tid vore kapasitetsproblem for kloakksystemet for Kvennsetøran bustadfelt. I vår og sommar har kommunen sett i gang med oppgradering av anlegget, og har nok kosta på rundt 1,2 mill. når dei no kan slå strek for prosjektet etter kvart, fortel driftsleiar for vatn og avløp i kommunens tekniske avdeling.


Stor interesse for «salong-salg»!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 1. august 2019

Sigrid Elise Talgø inviterte til «salong-salg» på Tovbu i Øyagrenda. Mange kom for å sjå, mange fann både riktig fine og nyttige saker her! Nesten ingen gjekk tomhendte heim att!


Mista veska di?

Elinor Bolme Onsdag 31. juli 2019

I dag vart ei Dakine veske/toalettmappe funnet i Brusetmarka. Den inneheld blant anna eitt medisinskrin med dagsrasjonar.


Salongsalg på Tovbu

Elinor Bolme Onsdag 31. juli 2019

Dei siste dagane har det vore stor aktivitet på Tovbu i forbindelse med rydding i det gamle meieriet i Øyagrenda. I den anledning blir det arrangert «salong-salg» i dag og i morgon mellom klokka 16 og 18, fortel Sigrid Elise Talgø.


Stenger salongen i heimen

Mari B. Redalen Fredag 26. juli 2019

Merete Husby som har dreve med frisørsalong heime i bustadfeltet på Kvennset, har gitt oss beskjed om at desverre har ho ikkje tid og kapasitet til dette lengre.


Vi må hjelpe dei unge inn på eigedomsmarknaden

Elinor Bolme Torsdag 25. juli 2019

Utbygging av leilighetskompleks har vore aukande dei siste åra i Surnadal. Fleire godt vaksne går frå einebustader til leiligheter sentralt med alt på eitt plan. Og einebustadane i sentrale strøk blir selde for ca 2 millionar, minst. Men her er det ei kjøpegruppe som ikkje har ein sjanse, og det er dei nyutdanna som vi har fått heimatt til bygda, fortel Annett Ranes og Egil Nedal i Surnadal arbeiderparti.


Olsok-konsert i Åsskard

Bernt G. Bøe Tysdag 23. juli 2019

Operasongarane Erik Rosenius og Sigrid Vetleseter Bøe og pianisten Hedda Hansen Berg er hovudaktørar når Åsskard kyrkje inviterer til konsert søndag kveld. Gregorianske tonar og Bach-musikk rammar inn programmet. Ei gruppe frå arrangørkoret Prosjekt 17 markerer olsok med song frå Sankt Olav si tid.


Kortreist kunstoppleving – interessante og fine utstillingar i Kallastuå.

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. juli 2019

«It takes a village to raise a Child» – «Jeg kan bruke det afrikanske uttrykket for å forstå min oppvekst. Det hadde sikkert blitt «folk» av meg uten alle de flotte, rare, snille og originale naboene på Øyamoå, men de har vært med å forme meg. Det har jeg oppdaget, og satt stor pris på etter hvert.»


Travle dagar i turistnæringa

Elinor Bolme Torsdag 18. juli 2019

I dag var vi og tok pulsen på ei av turistnæringene i Todalen, hos Cathrine L Kårvatn på Kårvatn. Ho held i alle trådene for at alle besøkende fjellturistar skal få eit så bra opphald som mogleg når dei kjem til gards. Enten om dei berre er på dagstur i området, eller benytter seg av dei ulike overnattingsvariantane som fjellgarden har å tilby.