Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom frå Trondheim på skihandel

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2020

Om det ikkje er mange så er det i allfall fleire som tek omaken med å besøke butikken vår for å kjøpe ski. Det er kanskje ikkje så rart, for Kårvatn Fjellutstyr var nærast pionerar da dei starta med sal av slikt utstyr for lenge sia. Marianne Melhus Gautvik tok fredag turen frå Trondheim, og da vart det komplett pakke med utstyr for Marianne og ettersom dette var Black Friday så var det vel rette dagen for å handle utstyr. 

Ola Talgø er 2.-gongskjøpar og fikk gode råd med Olve Andrè Børmark. Foto: Jon Olav Ørsal

Marianne skrytte uhemma av kor gode råd og kor god hjelp hun fikk av gutane i butikken.  Fredrik Thoresen Sletten vart mesta brydd av skrytet, men forklarte det med at vi er vant til å selge utstyr til vanleg folk som skal ut på tur og da må vi forklare ting på ein slik måte at folk forstår kva det dreier seg om. Marianne er «ny» i randoneesporten – eg har aldri prøvd slik utstyr før og er spent på korleis dettee blir. 

Fredrik fortel at meir og meir av omsetninga går via nettbutikken – faktisk over halparten i år.  Kundane kjem egentleg både frå fjern og nær, men sjølvsagt er det mest frå nærområdet og her frå regionen.  Fredrik jobbar saman med kollega Olve Andrè Børmark og eigaren sjølv, Gudmund Kårvatn – alle saman er godt forspent med kunnskap om randoneeutstyr.  Førstegongskjøparane, slike som Marianne, kjøper ofte komplett pakke med både ski, bindingar, sko, klær og anna utstyr, medan 2. gongskjøparen som oftast har litt større krav og veit kva han vil ha – og finn seg utstyr som passar her, fortel Fredrik. 

På denne tida er det stort trykk på utstyrskjøp – det blir nok mykje randoneeutstyr under juletreet, gliser Fredrik, som også fortel at det går mykje anna utstyr ut frå butikken no om dagen. I tillegg til ski kan vi nemne stavar, sko, skredutstyr, soveposar og mykje anna julegåvetips, sier Fredrik til slutt.  

Gudmund Kårvatn og Fredrik Thoresen Sletten – i dag kjem over halve omsetninga frå netthandelen. Foto: Jon Olav Ørsal

Mykje julegåvetips i butikken på låven. Foto: Jon Olav Ørsal

Butikken på låven ligg setralt til – midt i turterrenget! Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. november 2020, 16:28