Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Grendalag med julegatetenning

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 28. november 2020

Todalen Grendalag si, etter kvart, tradisjonelle julegate, mellom Talgø og Matkroken, vart tend i ettermiddag. På grunn av Koronasituasjonen så vart det ikkje noko arrangement i samband med tenninga av julegata i år, slik det har vore åra før. Men knapt tretti hadde likevel teke turen for å sjå at julegata vart tend. 

Så var julegata tend. Foto: B G Ansnes

Todalen Grendalag meiner det er viktig å halde på tradisjonen med julegate, og ikkje minst viktig i år med den spesielle situasjonen vi har vore i sidan midten av mars, som følge av Koronaen. Å lyse opp førjulstida i år, er viktigare enn på mange år. I desse tider, med mange restriksjonar, er det viktig å ta vare på dei gledene ein kan!

Todalen Grendalag, med eit par gode hjelparar, «rigga» julegata torsdag kveld. I år var det, for første gong på fleire år, opphaldsvêr men litt kaldt. Det er etter kvart ein rutinert gjeng som held på med «rigginga», så arbeidet var ferdig rekordtidleg i år. Etterpå serverte handelsmann Nordvik kaffe, lefse og sjokoladekake i kaffekroken på Matkroken, så vi kan trygt seie: «same procedure as every year», som grevinna seier!

Handelsmann Nordvik tende lysa på Matkroken. Foto: B G Ansnes

Nedanfor finn du fleire bilete frå tenninga av julegata i ettermiddag og frå «rigginga» torsdag kveld. 

Publisert: 28. november 2020, 18:46