Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon frå Todalen Idrettslag.

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 29. november 2020

Todalen Idrettslag sender i desse dagar ut Medlemsinfo til sine medlemmer. Dette kjem i postkassen i løpet av helga. Her ber idrettslaget alle medlemmer om å sende inn epostadressa si. Dette for å lette arbeidet med å sende ut medlemsinformasjon og medlemskontingent. Så idrettslaget håper på god respons frå sine medlemmer på dette! Medlemmer som bor utanfor bygda blir spesielt oppfordra om å registrere epostadressa si!

Info skrivet frå Todalen Idrettslag finn du her: «Medlemsinfo» 

Den som ikkje er medlem, men som ønsker å melde seg inn, kan trykke på linken «Medlemsinfo» ovanfor for å finne kontaktinformasjonen. 

I informasjonen frå Todalen I.L. blir vi  òg informert om at InterSport Olaf Moen eftf. AS og Todalen I.L. har inngått ein samarbeidsavtale som gjev medlemmene i Todalen I.L. 20% rabatt på alt sportsutstyr som er relatert til aktivitetane i Todalen I.L. Rabatten gjeld på ordinære prisar og ikkje tilbodsvarer og spesialtilbod. 

Todalen I.L. har og fått Surnadal Transport AS med på laget som sponsor. Laurdag var banekomiteen i full gang med å sette opp reklameskiltet til Surnadal Transport AS på Bordholmen stadion. Skiltet er levert av EB Video AS. 

Surnadal Transport AS sitt sponsorskilt blir montert, f.v. Ola H. Ansnes, Lars Stensby og Einar Husby. Foto: B G Ansnes

Vidare opplyser Todalen I.L. at Romjulsmarsjen går som normalt søndag 27.desember mellom klokka 12:00 og 15:00. Meir informasjon om Romjulsmarsjen kjem seinare. Men det kan vere lurt å notere datoen allereie no!

Den tradisjonelle julerevyen går dessverre ut i år. Dette skuldast Koronasituasjonen. 

Publisert: 29. november 2020, 19:15