Stem på månadens bilete for mars
Her kjem kåringa av månadens bilete for mars.
Vi fann 3679 artiklar i dette arkivet.
Her kjem kåringa av månadens bilete for mars.
Sjølv om alle gudstenester, med fysisk oppmøte, er avlyst denne påska, er det mogleg å få med seg lokale høgtidsgudstenester digitalt. I tillegg sender NRK gudstenester både på TV (NRK!) og i Radio (P1) no klokka 11:00.
Frå torsdag 1.april til og med søndag 31.oktober er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1.apil – 20.august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang som inneber at bantvangen her i kommunen gjeld i perioden 1.april – 31.okotber. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.
Takstmann Nils Håvar Øyås AS er i sterk vekst om dagen, og i den siste tida har det skjedd mykje spennande i firmaet til Nils Håvar Øyås. No er dei på flyttefot og på veg inn i nye lokaler på Landbrukshuset i Svartvassvegen 2 i Surnadal.
Påskemorgon skal slukke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterie saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten – her kjem nemleg del 1 av årets påskekrim! Og hugs: løyser du gåta kan eit todalen.no-krus med påskegodt bli ditt. Prolog: Nok eit […]
Tysdag 6.april startar Møre og Romsdal fylkeskommune opp arbeidet med sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai. Arbeidet skal etter plana ta fem veker, og vil pågå det meste av døgnet desse vekene. I perioden 6. – 19.april vil fergeavgangane i rute 46, i utgangspunktet gå som normalt, men små forseinkingar på opp mot 30 minutt må likevel påreknast. Dette melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding til redaksjonen.
For femte gong er det klart for svært lokal påskekrim her på todalen.no. Første episode kjem skjærtorsdag og vil forhåpentlegvis sette i gang dei små grå i heimar og hytter under påskehøgtida. Som tidlegare år vil det vere mogleg for lesarane å sende inn forslag til løysing på mysteriet før det blir avslørt 2. påskedag. […]
Det beramma årsmøtet til Nordvik Båtforening i morgon kveld (måndag 29.mars) er utsett på ubestemt tid. Grunnen til utsettinga er dei gjeldande smittevernreglane som vart innført frå torsdag den 25.mars. Nordvik Båtforening sender ut ny innkalling til årsmøte, når smittevernreglane gjer det mogleg å gjennomføre årsmøter att.
Torsdag 25.mars vart den internasjonale bakelsdagen markert over heile landet. Todalen oppvekstsenter markerte sjølvsagt dagen, men det var i år, på grunn av kononaen, eit todelt arrangement, der 1. – 4. årstrinn steikte bakels ute over bålpanne, medan 5. – 7.årstrinn steikte bakels inne. Det var dei yngste elevane som laga bakelsrøre til alle.
Kleivaprisen blir delt ut kvart år på Kleivakvelden under Vårsøghelga sitt utearrangement på Kleiva. Prisen vart første gong utdelt i 1998. Det er styret for Kleivafondet (formannskapet i Surnadal kommune) som tildeler prisen til nokon dei meiner har «gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis» i Surnadal kommune.
I ein epost frå Næring- og utviklingsavdelinga i Surnadal kommune, får vi informasjon om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak i Surnadal kommune. Informasjon om ordninga og kva kriterium som gjeld kan du lese nedanfor.
Tidleg i ettermiddag kom gladmeldinga om at Telia og HENT Group har blitt samde om ein ny distribusjonsavtale av HENT sine TV-kanalar via Telia. Dette gjer at Telia-kundane igjen får tilgang til TV-kanalar som mellom anna: TV3, Viasat 4 og Viasport. Som kjent gjekk Svorka, for ikkje lenge sidan, over frå Telenor til Telia som TV-leverandør, noko som gjorde at Svorka sine TV-kundar ikkje har hatt tilgang på HENT sine TV-tenester.