Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag 6.april tek utbetringsarbeidet ved Kvanne fergekai til

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. mars 2021

Tysdag 6.april startar Møre og Romsdal fylkeskommune opp arbeidet med sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai. Arbeidet skal etter plana ta fem veker, og vil pågå det meste av døgnet desse vekene. I perioden 6. – 19.april vil fergeavgangane i rute 46, i utgangspunktet gå som normalt, men små forseinkingar på opp mot 30 minutt må likevel påreknast. Dette melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding til redaksjonen. 

I perioden 19.april – 7.mai vil utbetringsarbeidet føre til at siste fergeavgang i rute 46, vil gå frå Kvanne klokka 21:00, bortsett frå på laurdagar. På laurdagane vil ferga gå etter oppsett rute, da det ikkje vil pågå utbetringsarbeid desse dagane. Dette inneber at sambandet vil vere heilt stengt i tidsrommet mellom klokka 21:00 – 05:15 søndag – laurdag. Ferga vil i denne perioden ligge til kai ved Rykkjem fergekai, og ikkje på Kvanne, slik den gjer til vanleg. I denne perioden vil òg bussrutene, etter klokka 21:00, bli påverka. Meir informasjon om desse endringane kjem etter påske, melder Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Fjord1 vil i perioden 6.april – 7.mai ikkje varsle om eventuelle innstillingar av enkeltavgangar via SMS. 

Stangvikfjord til kai på Kvanne. Foto: Brit Hansen

Arbeidet blir igangsett for å hindre ytterlegare utvasking av masse under den gamle dampskipskaia på Kvanne. For å få stabilisert massane må ein òg sikre sjøbotn. Dette blir gjort ved å ta bort massen som ligg der i dag, og erstatte denne med 42 betongmadrassar, kvar på 9,8 tonn, som blir lagt utover sjøbotn. Det må òg fundamenterast under den gamle dampskipskaia. Dette blir gjort ved å bygge ein 30 meter lang støttevegg mot den gamle kaia. Veggen blir bygd av 20 meter lange spuntnåler som blir satt 18 meter ned i sjøbotn.

Mykje av arbeidet som skal gjerast ved den gamle dampsikpskaaia, må gjerast frå lekter som må ligge der ferga legg til. Det tek to timar å rigge opp og ned utstyret som skal brukast på lekteren. Dette er grunnen til at ein velger å innstille trafikken mellom klokka 21:00 – 05:15 i perioden 19.april – 7.mai.

 

Publisert: 29. mars 2021, 19:11