Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Semje mellom Telia og HENT Group

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. mars 2021

Tidleg i ettermiddag kom gladmeldinga om at Telia og HENT Group har blitt samde om ein ny distribusjonsavtale av HENT sine TV-kanalar via Telia. Dette gjer at Telia-kundane igjen får tilgang til TV-kanalar som mellom anna: TV3, Viasat 4 og Viasport. Som kjent gjekk Svorka, for ikkje lenge sidan, over frå Telenor til Telia som TV-leverandør, noko som gjorde at Svorka sine TV-kundar ikkje har hatt tilgang på HENT sine TV-tenester. 

Men no er det altså semje, og alle Telia-kundane vil kunne sjå HENT Group sine kanalar frå og med i ettermiddag. Svorka seier dei er glad for at det endeleg har blitt semje om ny avtale, slik at kundane deira igjen kan få tilgang TV-tenestene frå HENT Group. 

Heile pressemeldinga frå Telia kan du lese her: Pressemelding frå Telia

Publisert: 26. mars 2021, 15:05