Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spennande tider og vekst hos Takstmann Øyås

Stig Husby Fredag 2. april 2021

Takstmann Nils Håvar Øyås AS er i sterk vekst om dagen, og i den siste tida har det skjedd mykje spennande i firmaet til Nils Håvar Øyås. No er dei på flyttefot og på veg inn i nye lokaler på Landbrukshuset i Svartvassvegen 2 i Surnadal. 

 

Nils Håvar fortel at dei trivst godt på Landbrukshuset.

Rett etter påske blir dei innlosjert i nye moderne og ikkje minst større lokaler på samme adresse som tidligare.

Med seg på laget har han no fått Mette Helen Mikkelsen som administrasjonsleiar på kontoret. Mette har tidlegare jobba i SpareBank 1 og Surnadal videregående skule. Med ein variert bakgrunn og pågangsmot vil Mette vere den rette for Takstmann Øyås å ha med seg på laget for å drive og utvikle foretaket ytterligere.

 

Tidligare i år opna han også kontor i Molde, der Per Rune Bendixen er tilsett, med mange års erfaring frå takstbransjen. Den saka kan du lese meir om her: Takstmann Øyås AS – Etablerer seg i Romsdal 

 

No rett før påske vart Odd Helge Haugen tilsett som takstfullmektig. Odd Helge har lang erfaring innan byggebransjen og er nå under utdanning for å bli sertifisert takstmann.   

 

Nils Håvar på plass ved skredområdet på Ask i Gjerdrum. Øydeleggingane er enorme, fortel han. Foto: Takstmann Øyås AS

 

Nils Håvar fortel også at firmaet hans saman med tre andre takstselskap fikk oppdraget med å taksere dei voldsomme naturskadene etter det tragiske leirraset på Gjerdrum lille nyttårsaften. Det var ein jobb vi gjekk til audmjukt og som krevde mykje av både empati og god menneskeforståelse, fortel han.

Øydeleggingane var så massive, og det var så mykje folk berørt av dette. Det gjorde verkelig inntrykk.

 

No ser Nils Håvar fram til ei fin påske som blir tilbrakt på heimebane på Nordvik. Den vil bli nytta til å ta nokre turar både i fjellet og nede ved fjorden. Og så var det dette med finveret da. Nils Håvar nyttar også høvet til å ønske alle ei god påske.

Først publisert: 2. april 2021, 15:00 - Sist oppdatert: 1. april 2021, 14:28