Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3578 artiklar i dette arkivet.


Erik Kårvatn til junior-VM i Skyrunning

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. juni 2021

I sommar skal todalingen Erik Kårvatn delta i junior-VM i Skyrunning. Junior-VM skal gå føre seg i dei italienske alpane, og Erik skal delta i to konkurransar under junior-VM. Den eine konkurransen er Skyrace der Erik og dei andre skal springe 22 kilometer, med ein total høgdemeterforskjell på 2200 meter. Den andre konkurransen er ein såkalla Vertikal. Her spring løparane så raskt som mogleg 1000 høgdemeter. 


Fjellgruppa tek turen til Svarrafjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. juni 2021

Tysdag 22.juni tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Svarrafjellet. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring opp til bommen til Skeisnebbvegen. 


Innfallsport Trollheimen – informasjonsskilta på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. juni 2021

Den siste veka har folk frå Mesta i Surnadal arbeidd med å sette opp informasjonsskilta som er laga i samband med prosjektet «Innfallsport Trollehimen». Det er no sett opp informasjonsskilt på seks stadar, frå Haugen vegkryss og opp til Kårvatn, med tilpassa informasjon på alle skilta. Skilta er sett opp på Haugen vegkryss, i Svinvika, ved rasteplassen i Stranda, ved Matkroken Todalen, på Bønnavollan (der Toåa tursti tek til) og på Kårvatn. 


Fjellgruppa med setervandring i Søyådalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. juni 2021

Etter plana skulle Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Fauskåvatnet, men dei hadde ikkje vêrgudane på si side i går, så det vart setervandring i Søyådalen i staden, og det var langt i frå noko dårlegare alternativ, kunne dei 11 deltakarane fortelje etter turen. 


14.06.2021: Status for koronavaksineringa i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. juni 2021

Siste oppdatering om koronavaksineringa i Surnadal kommune. Her finn eventuelle tilflyttarar og viktig informasjon.Vi er no i gang med å kalle inn Gruppe 8 (55 – 64 år) med tilbod om koronavaksine. Studentar og tilflyttarar eller personar som jobbar her gjennom sommaren, finn viktig informasjon i denne artikkelen.



Bli med Fjellgruppa til Fauskåvatnet!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

Tysdag 15.juni kan du bli med Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Fauskåvatnet. Oppmøte på parkeringsplassen framom Øye kyrkje klokka 10:30. Derifrå er det samkøyring inn til bommen i Østbødalen. Dei som bur slik til at det er kortare å køyre direkte til bommen gjer det. Bomavgifta er kr. 30,-. 


Gaupe observert på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

Da dagleg leiar for Talgø Tradbo, Tor Olav Vatn, var på veg frå Todalen og utover til Haugen vegkryss på føremiddagen no i dag, fekk han fanga nokre fine bilete av ei gaupe som kryssa vegen i Rabban på Nordvik. 


Yoga i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

For tredje året på rad samarbeider Atleta og Svinviks arboret om å tilby Yogo ute i den vakre botaniske hagen i Svinvika. Dette er eit samarbeid, der Atleta og arboretet vil gje noko til folket, så tilbodet er gratis. Atmosfæren og stemninga er det naturen som skaper. Sola varmer kroppen, fuglane syng sine vakraste songar og blomstrane gjev positiv effekt og stressar ned. I går kveld vart den første av tre Yoga-kveldar i arboretet arrangert. 


Trafikkulykke på Åsbøen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

Rundt 6:40 i dag, fekk politiet sin operasjonssentral melding om at ein bil hadde køyrd av vegen ved Åsbøen på Fv 6145. Bilen hadde hamna i grøfta, godt rundt og vart liggande på taket i grøfta på oversida av vegen mellom Åsbøen og Sjøleet. Det var ein person i bilen, som var på veg innover, da ulykka skjedde. Han vart teken hand om av ambulansepersonell og køyrd til sjukehus. 


Populært med loppemarked

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

I går kveld var det loppemarked i redskapshuset på Bordholmen stadion. Det var Trimgruppa i Todalen Idrettslag som stod som arrangør. Loppemarkedet vart arrangert i går kveld i staden for under Todalsdagen, som går av stabelen laurdag 26.juni. Det var bra med folk, og mange lopper skifta eigar i løpet av den store timen loppemarkedet var ope.  


Fjellgruppa til Møkkelfjellet.

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. juni 2021

I går tok fjellgruppa turen ut av fylket då dei tok turen til Heim kommune der turmålet var Møkkelfjellet. For ei veke sidan var det berre nokre få som hadde høyrt om Møkkelfjellet, så i går var det Møkkelfjellet som gav mål og meining i deira ferd!