Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa til Tverrlihytta

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. september 2021

I går var Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Tverrlihytta i Bøverdalen. Etter nokre turer med heller dårleg vêr, vart turen i går ein fin tur i strålande haustvêr, og heile 29 var med på turen! 

29 spreke pensjonistar startar frå Sæterbøen. Foto: Anne V. Einum

– Fjellgruppa hadde ein fin tur med ypperleg turver til Tverrlihytta tysdag 14. sept. Tverrlihytta som ligg i fjellområdet (500 m.o.h) mellom Bøverdalen og Valsøybotn,  er ei sjølbetent DNT-hytte, og er ein del av Fjordruta. Turen dit er på 3,8 km. frå Bøverdalen, fortel Anne V. Einum.  

Endeleg Sæterbøsetrin etter bratt li. Foto: Anne V. Einum

– Vi starta frå Borstua/Sæterbøen på merka skogsveg og stig. Lia gjennom skogen var brattare enn lang! Men det gjekk godt, gode «fjellgeiter» som vi er! Etter 1,8 km var vi framme på Sæterbøsetrin (325 m.o.h.), som mildt sagt er til nedfalls. Austigard/ Borstu – skjelet er det einaste seterhuset som står…på sitt vis! Ein dumdristig handling, av ein av oss, var det kanskje å krype inn i det falleferdige skjelet, men slik er det når nysgjerrigheita tek overhand!, fortsett ho. 

Tryggast å berre sjå inn! Foto: Anne V. Einum

– Så gjekk turen vidare i slakkare og noko myrlendt terreng opp til Tverrlihytta. Vi vart imponert over den koselege og fine turisthytta og den fantastiske utsikta mot Trollheimen og Sunndalsfjella. Her tok vi ein lang og velfortent kvil- og matpause. 19 av oss tok og ein ekstra tur opp på Tverrlia. Og der vart vi belønna med utsikt til Valsøybotn og fjella rundt om. Vi følgde den same ruta ned att til Sæterbøen, og vi var alle samde om at det hadde vore ein særs fin tur, avsluttar Anne. 

For 19 av oss vart det og ein tur opp på Tverrlia. Foto: Anne V. Einum

Fjellgruppa sin neste tur går til Brokkelnebba tysdag 21.september. Oppmøte, som vanleg, på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30! 

Kjell kjentmann med Sæterbøsetra og fjellet Kjerkå. Foto: Anne V. Einum

Nedanfor finn du nokre fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går: 

Publisert: 15. september 2021, 14:31