Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haustdagar i full gang på Syltøran

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. september 2021

I dag starta haustdagane på Byggmakker og Hageland i Surnadal. Butikkane var fullspekka av varer og gode tilbod av alle slag, og det gjekk an å gjera ein skikkeleg god handel.  Det dufta nysteikte bakels og nykoka kaffe og vart servert marsipankake til kundar som stakk innom.  Fredag og laurdag er det full rulle  hos «naboane» på Syltøran.  

Hos Byggmakker var det både bløtkake og nystekte bakels til kaffen. Foto: Jon Olav Ørsal

Byggmakker og Hageland har tradisjon for slike haustaktivitetar, men det var første gongen at bedriftene i nabolaget er med og «prisar» hausten.

Utafor Byggmakker og Hageland var også «Sjøulken» Johan Rangnes på plass med fiskebilen sin, og kunne by alle typar sjømat og kvalkjøtt.  Johan er i dag pensjonist, og det er vel naturleg at han fyller dagane med fisking og fiskehandel – som den ekte smølværingen har er?

Sjøulken sjølv – Johan Rangnes har alle typer fisk og kvalkjøt på agendaen. Foto: Jon Olav Ørsal

I tillegg var Bians Honning på plass i dag.  Det er Ola og Elin Helgetun som har to biefarmar – ein oppi Monå i Øverbygda og ein utpå Flessen, der det er lyngtrekk. Dei har eige sjølvbetjent og døgnope gardsutsal – her sel dei i tillegg til honning også andre honningrelaterte produkt som frukostblanding, honningsåpe og forskjellig anna som for eksempel syltetøy som er søta med honning i staden for sukker. På same måte som for Johan så er dette meir som ein livsstil og hobby – og vi er like ivrig begge to, fortel Elin.

Ola og Elin Helgetun driv Bians som den store hobbyen. Dette er ein livsstil for oss – vi er like ivrige begge to, seier Elin. Foto: Jon Olav Ørsal

Fredag og laurdag er det fleire som kjem med – Lia Gard kjem med sine bakarvarer og Vorpa røykeri kjem med laks og aure i ulike variantar.  Da blir også både Rørservice med sine varmepumper og Trollheimen Treningssenter med gunstig pris på trening ut året. 

Sveen Auto As

Sveen har fartstid heilt attende til 1946 med verkstedarbeid, og midten på 80-talet som VW-forhandlar for Indre Nordmøre.  Dei siste 8 åra er det Lars Kristian Todal som har vore dagleg leiar og han fortel at det har skjedd mykje berre på desse åra – utviklinga i bilelektronikken har verkeleg skote fart, og har gått over frå å vere mekanikk til å bli elektronikk. Det er heilt utruleg kva som har skjedd og det har vore veldig artig å være med på, sjølv om det enkelte gong har vore litt utfordrande.

No er det elektriske bilar som gjeld – Sveen Auso har hatt stor suksess med nykommarane iD3 og iD4. Fredag og laurdag inviterer dei til grillparty og kakefest. Foto: Jon Olav Ørsal

I dag er det ein heilt enorm interesse for elektriske bilar her i vårt nedslagsfelt, og de siste åra har vi faktisk omsett over 200 bilar med nytt og brukt.  Over halvparten av disse er elektriske, og det er ID3 og ID4 som står for brorparten og har vore ein formidabel suksess. Tidlegare i år  vart vi kåra til årets forhandlar for VW nyttekøyretøy, og det har vi lova at vi skal feire med kundane – det skal vi gjera no i dei dagane som kjem. Da blir det både grilling både tradisjonell grillmat og fiskeburgarar frå «naboen» og sjølvsagt servering av blautkake og blautkake.  Da ventar vi også besøk av VW/Audi Club som kjem for å vise fram sine klassikarar.

lars kristian Todale er dagleg leiar hos Sveen Auto. No har ekektriske bilar kapra over halvparten av salet. Foto: Jon Olav Ørsal

Eiksenteret

Det er vel eigentleg Eiksenteret som starta med slike marknadsdagar på Syltøran.  No er det to år vi ikkje har hatt noko arrangement på grunn av koronasituasjonen og så er det første gongen vi har haustarrangement – klart vi er spent på om det kjem folk, seier Iver Magne Nes som er butikksjef hos Eiksenteret.

Sjølvsagt står trakorane på agendaen, med Iver Magne Nes har eit stort utval i motorsager – både bensindrevne og batteridrevne. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi kjem sjølvsagt til å ha stor fokus på traktorar, seier han. Vi har tre merker – nemleg Fendt, Valtra og Massey Ferguson. Her er det Massey som har lengst tradisjon, og er sjølvsagt hovudproduktet her i distriktet.

I tillegg vil vi i år promotere Husqvarna betongutstyr og motorsager – både bensindrevne og batteridrivne i mange variantar. 

Magnus Stormyr er «robotsjef» på Eiksenteret. No tilbyr han servide og oppbevaring av robotklipparane over vinteren Foto: Jon Olav Ørsal

Robotklippere er også ein stor artikkel – det er nok helst ei typisk sommerprodukt, men no er det sesongslutt, og da går vi ut med eit tilbod om vedlikehaldsavtale, som går ut på service, lagring og lading over vinteren, fortel Magnus Stormyr, som er robotsjef hos Eiksenteret. Robotklipparane har behov for vedlikehaldslading eit par gonger i løpet av vinteren for halde batteria i god stand.

Publisert: 16. september 2021, 19:25