Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innhaldsrik haust på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. september 2021

Hausten har så vedt starta, og i dag kom Surnadal kulturhus med haustprogrammet sitt. Her er det mykje å sjå fram til dei neste månadane fram mot jul. Programmet inneheld teater, litteratur, konsertar og mykje meir, så her er det noko for ein kvar smak og mykje å gle seg til!

September

Det er to kjære skuespelarar som sparkar det heile i gang med «Skumringstimen». Teatret Vårt har fått med seg Astrid Overaa og Peter Drabløs for å skildre eit varmt vennskap mellom to gamle naboar som trur dei har snakka om alt. Men det har dei ikkje…

«Stillferdig og ettertenksomt om levd liv», skreiv Sunnmørsposten, og – merk – denne gongen prøvar kulturhuset noko nytt med å sette opp teater så tidleg som kl. 14 på ettermiddagen, slik at enno fleire forhåpentleg finn vegen dit torsdag 16. september.

Horisontal. Foto: Teatet Vårt

Torsdagen etter, 23. september, skal Ine Hoem og Edvard Hoem ta for seg «Alt som er kjært». Det er også namnet på plata Ine Hoem kjem ut med i haust, med melodiar av ho og nye og gamle tekstar av far Edvard. Ine Hoem kjem med bandet sitt, medan innslaga frå Edvard er mest verbale. Han vil lese frå «Felemakaren» og andre av sine siste bøker. Og samspelet mellom far og dotter er ei oppleving, der humor, alvor, musikk og tekst blir vove saman på ein mesterleg måte.

Merk deg også at det er tre andre tilbod i same veke; På Alzheimer-dagen, tysdag 21. september, blir sterke «The Father» vist på kino. Dagen etter arrangerer Senioruniversitetet kåseri og foredrag med den pensjonerte legen Audun Aas om «smertemysteriet». Og i Finstuå er det utstilling med Jeremy Welsh. Surnadal Billag Festival arrangerer forresten også filmfest i Surnadal kino allereie laurdag 11. september (kl. 13–18), med presentasjon av fire filmkunstnarar.

Oktober

Lars Jarle & The Big Mamas inviterer til «Jørgen-kveld» søndag 3. oktober. Og med «Jørgen» siktar dei sjølvsagt til Jørgen Gravvold. «Jørgen-kvelden» var opphaveleg sett opp som ei slags 90-års-markering på «andre sida av marka» sist år, og no får også resten av kommunen bli med på den humørfylte hyllinga av skribenten og diktaren Jørgen Gravvold.

Terje Sporsem. Foto: Svein Finneide

Og meir humor blir det veka etter, da stand-up-komikar Terje Sporsem kjem med «Absolute norsk – eit show om verdas aller, aller beste land».

Biblioteket vil, i samarbeid med Litteraturhuset og folkeakademiet, også ha to forfattarbesøk i oktober. Populære Nina Lykke kjem tysdag 19. oktober, og dagen etter vil TV2s mest profilerte gravejournalist Kadafi Zaman fortelje om sin bakgrunn og virke som journalist.

Bjørn Eidsvåg Foto: Sara Angelica Spilling

Seinare i månaden er Bjørn Eidsvåg, med band, på vegen og har lagt ruta innom kulturhuset.

November

SKUV (Surnadal Konseptutvikling) har allereie selt så mange billettar til sine to «Viva la vida»-konsertar at dei har sett opp ein tredje med herleg Coldplay-musikk.

Seinare i månaden vil Surnadal BU og Svarrabærje kome med «heittgjorte» revy- og teaterminne frå 1965 og fram til i dag.

Elles kjem Teatret Vårt med «Den uendelige historien». Og månaden blir avslutta med ein «julerose-kveld» med Herborg Kråkevik, Linda Eide, Vigids Hjorth, Kristiansund Symfoniorkester med fleire.

Biblioteket vil ha eit ny forfattarmøte i november, og det blir arbeidd med fleire andre arrangement. Elles vil det sjølvsagt også bli kunstutstillingar i Finstuå.

Desember

Så langt er Eva Weel Skram klar med julekonserten «Falle til ro». Og i Stangvik-kyrkja vil det bli meir «Julefryd» med Nidarosdomens Jentekor, Gjermund Larsen og Trondheimsolistene.

Og apropos dei sistnemnde: dei er også i same kyrkja og held konsert med «Åge og Gunnar» først på november.

Du finn meir om programmet, artistar og billettsal på nettsidene www.surnadal-kulturhus.no

Publisert: 9. september 2021, 15:31