Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal demensforening og helselag inviterer til møte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. september 2021

Tyrsdag 14.september klokka 18:00 – 20:00 inviterer styret i Surnadal dementforening og helselag ALLE til møte i Oppistua Øye hos Solveig Haglund. Styret ønskjer å diskutere framtida til laget og å få innspel og forslag til kva dei kan gjere for å auka aktiviteten i laget att.  

Ingun Øye, leiar i fylkesstyret og demenskontakt Inger Storheim, kjem og orienterer om Nasjonalforeningen for folkehelsen og kva planer og idear dei har for framtida. 

Oppistua Øye i vinterdrakt. Foto: Privat

Solveig Haglund og Helga Bele vil fortelje om «Inn på tunet» og helgeavlastningstilbodet. Einingsleiar ved Surnadal sjukeheim, Marit Moe Kvendbø, kjem og orienter om sjukeheimen, samt at Hilde Staveli kjem og orientere om Frivilligsentralen. 

Det nye styret i foreininga har mange idear for framtida:

  • Gågruppe ved sjukeheimen. Dvs frivillige kjem t.d. ein gong i veka og tek med seg bebuarar på ein liten gåtur.
  • Gågruppe for heimebuande med ein demenssjukdom – òg basert på frivillige.
  • Hyggetreff ved sjukeheimen med levande musikk og servering  – treng frivillige.
  • Surnadal demensforening og helselag skal gjennomføre den landsdekkande «Demensaksjonen» 20. og 21.september. med bøssebering, her med god hjelp frå årets russekull.
  • Planer om måndagskafe på Kafe Heimen ved Surnadal sjukeheim for bebuarar og pårørande ein gong kvar månad. Dette tiltaket krev òg hjelp frå frivillige.

Elles håper styret på innspel frå dei som møter opp, i høve til ønsker og forventningar.

Surnadal demens og helselag spanderer varmrett, dessert og kaffe – møt opp til ei trivelig samling og til ein ny giv for Surnadal demensforening og helselag.

Styret i Surnadal demensforening og helselag er samansett slik: 

  • Leiar – Liv Botten
  • Sekretær – Borghild Husby Kvande
  • Kasserar – Sigri Livik
  • Styremedlemmer – Marit Moe Kvennbø, Jon Arne Lesund, Bente Mogstad, Else B. Andresen og Linda Bergheim

Styret håper mange tek turen til Oppistua Øye denne kvelden og kjem med innspel og idear!

Invitasjonen kan du lese her: «Invitasjon til møte»

 

 

Publisert: 9. september 2021, 13:32