Stem på årets bilete 2021
Her kjem kåringa av fjorårets vinnarar av månadens bilete. Stem på årets bilete for 2021.
Vi fann 3557 artiklar i dette arkivet.
Her kjem kåringa av fjorårets vinnarar av månadens bilete. Stem på årets bilete for 2021.
I dag hadde Surnadal Pensjonistlag årets første trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Sjølv om det var dårleg føre med snø og vind, møtte den «harde kjerne» opp for å vere med på ei trimøkt og sosialt samvær. Surnadal Pensjonistlag har vore så heldige å få med seg fysioterapeut Oda som instruktør på torsdagar utover etterjulsvinteren.
Strikkekaffen som var planlagt til komande laurdag 22. januar, blir utsett til februar, melder Todalen Sanitetsforening. Saniteten kjem at med ny dato så snart den er klar.
Det er i dag akkurat 20 år sia Surnadal kulturhus på Skei vart offisielt opna. Jubileet vil bli markert seinare i vinter, da ein forhåpentleg opplever ein meir «arrangement-venleg» periode. Kulturstyret la inn kulturhus i sitt langtidsbudsjett allereie i 1987, men det skulle gå lang tid før endeleg vedtak om bygging vart fatta. Kommunestyret gjekk i desember 1998 inn for bygging av kulturhus med ei kostnadsramme på 51 millionar kroner.
Tysdag 15. februar inviterer SuSu-KOF til digital SuSu:Arena. Dette vil vere ein arena der elevar frå dei videregåande skulane, vaksenopplæringane og elvar frå 10. klasse ved ungdsomsskulane kan delta på digitale stands. Det blir altså ein digital karrieredag.
På dei digitale standane vil det vere utdanningsinstitusjonar frå regionen, opplæringskontora og næringslivet frå Surnadal, Sunndal og Tingvoll kommunar, seier prosjektleiar Kim Stian Bråstad.
For å gjennomføre karrieredagen brukar vi ei plattform som heiter «Myonvent», som er tilrettelagt for denne typen arrangement.
Fredag 21. januar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Denne gongen kan dei mellom anna freiste med knekkebrød og eit nytt produkt, nemleg frokostblanding. Så vil du sikre deg noko godt til helga, så er Lia gard staden å besøke fredag.
Grunna kraftig vind vert sambandet innstilt etter avgangen frå Rykkjem kl 17.15, melder Fjord1 i ei melding. Frå kl 21:00 melder Fjord1 at det blir normal drift igjen, med avgang frå Kvanne.
Straumen har vore borte i Todalen sidan rundt klokka 18:00. I ei melding frå svorka klokka 19:23 får vi opplyst at feilen er lokalisert, men at det vil ta litt tid før strømmen er tilbake. Det er ei Furu som har falt over straumledninga i Svinvika som gjer at straumen er borte. Svorka arbeider med saka, og håper straumen er tilbake om ikkje så alt for lenge.
Ikkje før er vi ferdige med uvêret Gyda, så melder Meteorologisk institutt om kraftig vind, med opp i orkan styrke på Nordmøre og sørlege delar av Trøndelag. Fergestrekninga Kvanne – Rykkjem er allereie stengt (frå 17:15), og politiet oppmodar folk om å halde seg inne, og unngå all bilkøyring som ikkje er absolutt naudsynt.
Nydeleg lys over Todalen vant månadens bilete for desember og dermed det siste bilete i 2021 som skal delta i årets bilete kåringa som vi legger ut om ei lita stund. Tidligare stod det at bilete med det fine lyse over Todalen var teke av ukjent fototgraf. Men fotografen har vi funne og det var …
Torsdag 20. januar kokka 11:00 startar Surnadal Pensjonistlag opp att med trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag er særs godt nøgd med framleis å ha med Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.
I perioden 24. januar – 28. februar vil Fv 6148 – Ørsal-/Melavegen vere stengt for gjennomkøyring over Haukåbrua. Dette på grunn av at rekkverket på brua skal skiftast ut. Omkøyring er via Fv 6146 – Todalsvegen og Fv 6148 – Melavegen eller Pilskarvegen og over Øyabrua. Omkøyringa vil vere skilta under heile perioden arbeidet med rekkverket pågår.