Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til 1. maifeiring på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. april 2022

Søndag 1. mai klokka 14:00 inviterer Surnadal Arbeiderparti til god «gammaldags» feiring av 1.mai på Surnadal kulturhus. Etter to år med koronapandemi, er det godt å endeleg kunne feire 1. mai med festarrangement på kulturhuset, seier arrangementskomiteen, som består av: Lilly Gunn Nyheim, Ella Bolme, Helge Røv Emely Stangvik og Ole Dalsegg. Helge Røv vil vere programleiar for dagen. Surnadal AUF ved leiar, Emely Stangvik og nestleiar, Ole Dalsegg vil halde apell for dagen, medan Ordførar i Aure kommune, Hanne Berit Brekken vil halde festtalen.

Brekken er i tillegg til å vere ordførar i Aure, nestleiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti og landsstyremedlem i Arbeiderpartiet.

Arrangementskomiteen er litt hemmelegheitsfulle, og vil ikkje røpe heile programmet for dagen enda, men dei røper litt av programmet, og det inneheld mellom anna:

  • Stort basarbord med mange gevinstar
  • Musikk ved Surnadal Hornmusikk
  • Apell for dagen ved AUF
  • Festtale ved Hanne Berit Brekken
  • Sal av kaffe og festkake

Leiar i Surnadal AUF, Emely Stangvik og nestleiar i Surnadal AUF, Ole Dalsegg. Foto: Surnadal Arbeiderparti

Det vil altså bli basarbord med mange fine gevinstar frå lokalt næringsliv, der hovudgevinsten er gjeven av Talgø MøreTre. Lilly Gunn Nyheim og Ella Bolme nyttar høvet til å takke alle som har gjeve gevinstar til lotteriet.

Folk frå Surnadal Arbeiderparti vil fredagane 22. og 29. april, mellom klokka 15:00 – 18:30, ha stand utanfor Coop Extra og Rema 1000, der dei sel førehandslodd til lotteriet. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 746187. Ved kjøp via Vipps, må du skrive i meldingsfeltet kva namn loddet skal skrivast på. Kvart lodd kostar 20,- kroner

Arrangementskomiteen håper mange tek turen til Surnadal kulturhus den 1. mai og blir med på feiringa!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 21. april 2022, 14:12