Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Podeverkstad i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. april 2022

Etter to års pause på grunn av korona, kan endeleg Svinviks arboret igjen invitere til podeverkstad. Dette skjer torsdag 28. april klokka 18:00 i Svinviks arboret. Det er poding av frukttre som står på programmet, og arboretet inviterer difor alle til å bli med for å lære om podekunsten. 

Oppmøte er altså i Svinviks arboret laurdag 28. april klokka 18:00. 

Ta med eiga hagesaks (liten type) og podekniv, dersom du har dette. Arboretet har nokre knivar, men ikkje nok til alle. Ta også gjerne med eigne podekvistar, dersom du har eit tre som du ønsker å pode. Arboretet har grunnstammar til eple, plommer og kirsebær til sals, forutan nokre podekvistar. 

Podinge går føre seg utomhus. Det er ikkje nødvendig med førehandspåmelding, men du kan gjerne melde interesse via arboretet si «Svinviks arboret på Facebook»

Billettpris: 150,- kroner per person
Grunnstamme: 120,- kroner per stk.
Kaffe og kake inkludert i prisen.

Svinviks arboret ønsker alle velkommen på podeverkstad!

Publisert: 20. april 2022, 15:00