Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Effektiv dugnad i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. april 2022

I går ettermiddag/kveld var det dugnad i Toåa tursti, for å klargjere turstien til ein ny vår- og sommarsesong. Vinteren, og da spesielt uvêret Gyda, hadde vaska bort ein del av grusen i turstitraseen, spesielt frå steinutgarden og fram til nedste avstikkaren ned mot Gunnøya, og ved øvre avstikkaren til Gunnøya.  

Litt planlegging under vegs må til. Foto: B G Ansnes

På desse parsellane vart det lagt på ny grus, som måtte jamnast ut under dugnaden. I tillegg vart det litt arbeid med å få flytta på plass att grus som vatnet hadde flytta ut på sida av turstitrassen, i løpet av vinteren. Denne grusen vart teken opp og lagt på plass att i traseen.   

Det vart litt flytting av grus i løpet av dugnaden. Foto: B G Ansnes

Ingen dugnad utan kaffe og servering, så etter at dugnaden var ferdig, varta Liv Larsen og Dordi Finborud opp med kaffe, bakels og bollar til dugnadsgjengen. 

Ingen dugnad uten servering av kaffe og noko å bite i. Foto: B G Ansnes

Det skal grusast litt meir somme plassar i turstitraseen på laurdag føremiddag. Det vil difor, i løpet av fredag, bli lagt ut grusdungar somme plassar i turstitraseen, men desse blir altså jamna ut i løpet av laurdag føremiddag. 

Det gjekk med ein del grus for å reparere turstien etter vinteren. Foto: B G Ansnes

 

Publisert: 21. april 2022, 08:00