Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2022: løysinga

Guro Redalen Måndag 18. april 2022

Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Er du klar for å finne ut kva mysteriet på Haukåbrua var?

«Haukåbrua – den raude fare?» Nei … Overredaktør Ørsal stirra ut i lufta. Kva med: «If you going til Ørsalbokta?» Nei. Ein kunne seie mykje godt om Ørsalbokta men heilt San Fransisco var det ikkje. Noko med tut og kjør? Nei det hadde han bruka før … «Lady Golden Gate – bli med på bruåpning» Mja, fenga ikkje slik kjempe, men godt nok. Han lasta opp bilda i ein fei. Her sto Handelsmann Nordvik klar med kakeklassikeren Lady Goldenglow, for anledning omdøpt til Lady Golden Hawk Gate, og Mann med kikkert heldt ein målarkosten med raudmåling klar. For no skulle Haukåbrua blir raudmåla, inspirert etter Golden Gate Bridge og tradisjonelle nyanser av raudt som alt var å finne i bygda. «Dette håpar eg vil gi bruglede og inspirasjon til vidare prosjekt» siterte han Mann med kikkert på. Slik. Lagre, og publiser på todalen.no. Det peip i tipstelefonen. «Trimpoeng-appen overbelasta i påska?» mumla han. Ok, her var det berre å hive seg rundt.

Takk for følge i år òg! Og om vi ein gong får sjå bruspelet på ei scene, det får tida vise.

Først publisert: 18. april 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 12. april 2022, 20:43