Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Båtforening har hatt årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. april 2022

Torsdag 31. mars avvikla Nordvik Båtforening årsmøtet sitt i Nordvik Grendahus. På sakskartet stod vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val. Etter at årsmøtesakene var ferdig. vart dei oppdaterte planene til Nordvik Båtforening for ny småbåthamn på Nordvik presentert. Nordvik Båtforening er godt i gang med planlegging og prosjektering av ny småbåthamn på Nordvik, og snart tek salet av båtplassar til.

Siste sak på den formelle delen av årsmøtet var val. Styret i Nordvik Båtforening ser slik ut etter årsmøtet:

– Leiar: Per P. Gjeldnes (attval for 1 år)
– Nestleder: Per. E. Gjeldnes (ikkje val)
– Kasserer: John Narve Bugge (ikkje på val)
– Sekretær: Magnar Førde (attval for 2 år)
– Styremedlem: Asgeir Frydenlund (attval for 2 år)

– 1. vara: Ivar Vikan (ikkje på val)
– 2. vara: Torleif Håheim (attval for 2 år)

– Revisorar: Sven Olav Svinvik (ikkje på val) og Jostein Kvendset (attval for 2 år)

– Valgkomite: Palmer Vikan (ikkje på val) og Tor Rune Polden (attval for 2 år)

Årsberetning for Nordvik Båtforening kan du lese her: Nordvik Båtforening – årsberetning

Presentasjonen av den nye småbåthamna kan du sjå her: Nordvik Båtforening – presentasjon småbåthamn

Publisert: 19. april 2022, 05:00