Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Linjeinspeksjon med helikopter

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. april 2022

S-Nett (Svorka sitt linjenettselskap) informerer i dag, om at dei også i år gjennomfører inspeksjon av høgspentnettet sitt med helikopter. Dette vil gå føre seg i veke 18 (2. – 6. mai), og inneber lågt flyging med helikopter, ned mot 30 meter over bakken.

S-Nett fortel at dei nyttar helikopter til ettersynet av høgspentnetter, for å skåne naturen mest mogleg, med tanke på avtrykk. Samtidig er ettersyn med helikopter meir tidseffektivt. Dette gjer at dei får meir tid til naudsynte utbetringar og vedlikehald på nettet sitt. 

Lågt flyginga vil gå føre seg ned mot 30 meters høgde. Ettersynet av S-Nett sitt linjenett tek til måndag 2. mai og er venta å vere ferdig i løpet av veke 18.   

S-Nett håper ettersynet av linjenettet ikkje medfører ulemper for dei som bor i nærleiken av linjenettet. 

Meir informasjon på: Svorka – Linjebefaring med helikpter

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 20. april 2022, 10:32