Mobiliserer for måling av kyrkja – 12 år sia sist!
Det er no 12 år sia kyrkja sist vart måla på ein storstila målardugnad. No er tida komen for ei ny ansiktsløfting, og planlegging av ny målardugnad er på gang. Planlegginga er i full gang, og alt i neste veke satsar vi på å starte arbeidet. Det er nedsett ein komité for å legge til rette for dugnadsarbeidet, som består av Ola Bruset og Knut Halset frå soknerådet som har fått med seg Ragnhild Ansnes Moe og Ragnar Halle i tillegg.