Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jobben er gjort: – Dugnadsavslutning og kakefest torsdag kveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. mai 2014

Torsdag kveld kl 18 blir siste dugnadkveld og avslutning på dugnadsarbeidet med kakefest og «overlevering» av ferdigmåla kyrkje til kyrkjeleg fellesråd. Til siste dugnadsdagen står det berre att litt finpuss og oppryddinging etter dugnadsarbeidet. Kl 19.30 blir det dugnadskaffe med marsipankake frå soknerådet, og da inviteres alle som har delteke på dugnaden heilt sia starten.

RagnarHalle_1811

Ragnar Halle tok utfordinga med å være dugnadssjef. Torsdag kveld er jobben gjort! I stillasjet er det Mari B. Redalen og Gudmund Husby som driv vindusmåling. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vart eit kjempefint resultat, og så for som det gikk!  Leiar i soknerådet, Ildri S. Øyen, lovprisar dugnadsgjengen for innsatsen og skryter uhemma når ho tek kyrkja i nærare øyesyn onsdag kveld. Ho rettar også ein stor takk til Ragnar Halle, som tok på seg å organisere arbeidet med dugnaden som er unnagjort i løpet av 3 veker no i mai.

Ho fortel vidare at soknerådet hadde møte måndag 28. april og gjorde vedtak om at kyrkja skulle målast. Kyrkjeleg fellesråd ville betala målinga, og bygdefolket skulle oppfordrast til å gjæra jobben. Alt neste dag gikk Todalen.no ut med info om dugnad, og sia har det berre rulla framover. No er jobben gjort, og den blir altså avslutta med kakefest til heile dugnadsgjengen torsdag kveld. Sjå bilda frå dugnadsarbeidet dei siste dagane nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

RagnaK_1783

Ragna Kvendset svingar målarkosten.

HallvardLongvaKvendset_1801

Hallvard L. Kvendset målar den siste korsen på taket av sakrestiet.

DSC_1794

Det var i allfall fint målarvêr!

DSC_1790

Korsen på kyrkjetaket får eit målingsstrøk frå Terje Nordvik i liften

DSC_1785

Eivind Bolme inspiserer arbeidt oppe i høgda.

DSC_1421

Dugnadskaffe hører med. Frå venstre Jan Bruset, Jo Gjeldnes, Per reiten Ragnar Halle, Maren Ansnes, Rune Moe og Karl Johan Husby.

DSC_1404

Det er ingen bakdel å være fjellklatrar på slike oppdrag. Jo Gjeldnes i tårnet på kyrkja.

DSC_1399

Framveggen får eit strøk. Frå v. Rune Moe, Øystein Moe og Ragnar Halle

 

Publisert: 21. mai 2014, 19:20