Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 942 artiklar i dette arkivet.


Ny sesong med Kløverturar – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 2. februar 2019

Sola er tilbake etter vinterpausen. No skin ho langt nedover liene og heilt ned på Kvennsetgarden, og ho kryp lenger og lenger oppover bygda dag for dag. Yr lovar godt ver måndag 4. februar så da blir det oppstart for Kløverturane i 2019! Oppmøte ved Halsbua, og så blir turmål bestemt etter ver og føre. Men det blir ein lett tur i nærområdet til butikken. Turstart kl. 11.00.


To rette og to rang i snøfokket

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

Laurdag var det «på’n igjen» med strikkekaffe i Sanitetshuset. Med Todalen Sanitetsforening som arrangør, og Arndis Søyset og Helen Saksen som vertinner vart det ein triveleg og vellukka strikkekaffe igjen. På årets første strikkekaffe var det ikkje noko spesielt tema, så det var strikking og sosialt samvær som stod på timeplana for dei rundt 20 frammøtte.


Strikkekaffe i Sanitetshuset.

Dordi Jorunn Halle Tysdag 15. januar 2019

Laurdag 19. januar inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne til sosialt samver med handarbeid, triveleg prat og kaffelag!


56 500 grasrotkroner til Todalen

Elinor Bolme Torsdag 10. januar 2019

Denne veka har fjorårets resultat av Grasrotandelen vorte publisert. Heile 649 millioner kroner vart sendt til ut ulike lag og organisasjoner landet rundt, 194 millioner meir enn i 2017. Vi har teke ein titt i listene, for å sjå kva «våre» lag og foreningar i Todalen har fått i form av den lovfesta 7% av spelarinnbetalingar til Norsk Tipping sine spel.


Todalen sanitetsforening klar for nytt arbeidsår.

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. januar 2019

No er det tid for nytt sanitetsår – det blir medlemsmøte tysdag 8. januar kl. 18.30 i Sanitetshuset. Her er medlemer og andre interesserte velkomne! Alle, både i Todalen og i nabobygdene, er velkomne til å møte opp for å bli kjent med sanitetsforeninga og arbeidet i laget; det er heilt uforpliktande.


Adventskalender frå sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. november 2018

Todalen sanitetsforening melder at dei har fine adventskalendrar til sals. Det vil sal av kalendrane på Halsbua fredag 23. november frå kl. 11.00 til 17.00.


Strikkekaffe med gode kaker og utlodding

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. november 2018

Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag. Sjølv om det er mange arrangement i bygda denne helga, var det 15 personar som kom til Sanitetshuset med handarbeid. Dei hygga seg med kaffe, gode kaker, prat og utlodding.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 16. november 2018

Laurdag 17. november inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!


Kløvertur i Toåa tursti.

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. november 2018

Siste Kløverturen i 2018 gjekk etter Toåa tursti. Det vil seia at kløverturgjengen starta frå Halsbua og gjekk nedom fabrikken, forbi Bordholmen og vidare til Halsabrua før vi tok inn på stien langs elva. Det vart pause i Gunnøya – sjølvsagt skreiv alle namn i turboka. Vidare gjekk turen oppover langs elva, forbi Båthølen og Tømmermelhølen og over ekra til vegen. Dette blir ei riktig kjekk turrute når Toåa tursti blir ferdig.



Feira 90-årsdagen sin med Kløvertur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. november 2018

Hurra for ho den som fyller sitt år! Ja, ho vil vi gratulere! I dag vi ropar hurra for Kitty som fyller 90 år! Sjølv om Kitty har stor runddag, så stilte ho på Kløverrulsetur, men runden frå Sanitetshuset og utover til Småbåthamna tok ekstra lang tid for henne i dag. Ho måtte rett som det var, ta pause på rullatoren for å ta i mot gratulasjonar på mobiltelefonen!


Sesongavslutning for Kløverturane

Dordi Jorunn Halle Laurdag 3. november 2018

Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer til sesongavslutning for Rusleturar og Kløverturar i Sanitetshuset måndag 5. november. Det blir oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11.00. Yr melder mildt og godt ver, så da blir det først trimtur i nærområdet til Sanitetshuset; rundt om byggefeltet, utover til Småbåthamna eller ein tur opp til Løfta.