Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin tur i godveret

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. april 2019

Etter er ein lang påskepause vart det endeleg Kløvertur igjen. Denne siste måndagen i april var turen lagt til Hala og Husby med Åshild som guide. Veret var strålande, meir sommar enn vår! Og det er riktig så tørt og fint å gå i terrenget.

Heggen i full blomst oppå Langhaugen. Foto: Jorunn H

Turen starta frå Austistua, vidare inn på Skeiet, før turen gjekk opp i skogen til Kalvgeilen og Langhaugen. Deretter tok somme turen opp til Flathaugane og innover til Steinbrekkå og Bandet. Medan andre heldt fram utover til Husby. Der tok dei bakkane opp til brønnen i Lauvåa som er sikker og god vasskjelde både for Hala, Husby og delar av Kvennsetgarden. Nedatt gjekk dei den bratte snarvegen ned til «Den himmelske freds plass» rett ovanfor Husby.

Ved brønnen i Lauvåa. Frå venstre: Helen, Synnøve, Åse, Jean. Foto: Åshild.

Godt både med mat, kaffe og vatn i solveggen på Haugabu. Foto: Åshild.

Til slutt samlast alle på Haugabu der det vart triveleg matpause.

Neste måndag, 6.mai, er det ny Kløvertur – da blir det på Kvennsetgarden.

Fleire bilete frå Kløverturen 29. april 2019:

Klare for tur. Frå venstre: Jean, Jorunn Ø, Åse, Marit, Helen, Karen Johanne, Dordi, Helga, Jorunn H, Dordi Ingeborg, Sigrun, Synnøve, Ester Karin. Foto: Åshild.

Pause på «Den himmelske freds plass» på Husby. Foto: Jean.

I skogen. Frå venstre: Jorunn Ø, Dordi Ingeborg, Dordi,Karen Johanne og Helga. Foto: Jorunn H.

Utan mat og drikke, duger turgåaren ikkje! Foto: Jorunn H.

 

Publisert: 29. april 2019, 21:45