Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bakels i lange baner

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2019

Har enno til gode å treffe den personen som ikkje likar nystekte bakels, og den trefte vi heller ikkje i dag.  Det var nok ei hyggeleg overrasking å bli påspandert bakels til kaffen på Matkroken i dag.  Alt frå starten var det god respons da dagens 10-kaffe fekk ekstraforpleining med handelmann Nordvik.

Sanitetskvinnene som kom frå Kløvertur i Øyalia var skikkeleg kaffetørste og kosa seg med kaffe og bakels etterpå. Foto: Jon Olav Ørsal

Jorid hadde laga bakelsrøre, og vi trur faktisk det er ei gammel oppskrift frå Stangvika som ho bruka – ialle fall smaka det godt, fikk vi høre. Vidare utover dagen var det mykje folk innom og vart traktert med nystekte bakels.  Sanitetskvinnene som hadde vore på Kløvertur i Øyalia var sjølvsagt både kaffetørste og bakelssvoltne da dei kom att til samlingspunktet på Kvennset – og vart trekterte i Kaffekroken.

10-kaffe med ekstraforpleining vart et i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. mars 2019, 13:29