Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 953 artiklar i dette arkivet.


Fotpleie i mars

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. februar 2021

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 8. mars og tysdag 9. mars.  Det er mange ledige timar båe desse to dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]


Kløvertur i godt ver

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. februar 2021

Sola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.


Kløvertur måndag, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. februar 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


God sesongstart!

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. februar 2021

Etter 2 og ½ månad med jul- og vinterferie var det klart for årets første kløvertur i Todalen. Det vart ein god start på kløvertursesongen med 15 deltakarar og godt ver.


Kløvertur utover Stranda

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. februar 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til ny sesong med kløverturar. Årets første turdag blir måndag 15. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Fastelavnspynten gjekk unna

Dordi Jorunn Halle Laurdag 6. februar 2021

Sol frå skyfri himmel, minus 18 grader og vindstille – det var altså ein gnistrande fin vinterdag da Todalen sanitetsforening selde fastelavnspynt framfor Hals/Matkroken.



Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. januar 2021

Todalen sanitetsforening melder at det blir årsmøte torsdag 25. februar kl. 18.30 i Todalen sanitetshus.

Påmelding


Viktig bidrag frå Grasrotandelen

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. januar 2021

Hos Norsk Tipping er det høve til å tilgodesjå lag og organisasjonar med ein såkalla grasrotandel. Det er du sjølv som bestemmer kven som skal tilgodesjåast, og det er 7,5% av speleomsetninga hos Norsk Tipping som blir bruka på den måten. Lag og organisasjonar kan registrere seg hos Norsk Tipping og bli godkjent som mottakar av grasrotandelen.  Her i Todalen er det Todalen Idrettslag som toppar tabellen, og tok i mot kr 39.160 i grasrotandel i fjor. 


Medlemsmøtet i Sanitetsforeninga er avlyst

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. januar 2021

Todalen sanitetsforening ønsker alle eit riktig godt nytt år!

Det vart ein tung start på året 2021; men vi må å sjå framover med håp og optimisme er helsinga frå sanitetsforeninga.


Årets siste kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. november 2020

No tek kløverturen juleferie. Siste kløverturen i 2020 var lagt til Tjønnmyrane. 15 deltakarar gjekk tur og avslutta sesongen med triveleg samling i gapahuken. Men over nyttår blir det nye turar.


Siste Kløvertur i 2020

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. november 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. november. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Samling ved gapahuken oppe på Tjønnmyran ca. kl 11.15.