Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange med på kløvertur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 10. mai 2021

Så vart det endeleg vår og varme med teppe av kvitsymre på bakken, grønskjær i bjørka og glitrande elv; – ein perfekt dag for kløvertur.

Dagens tur starta frå Bruset og gjekk innover langs Toåa til Hengebrua med retur på Halasida. Det er stemningsfullt å vandre langs elva slike fine vårdagar.

Fillipbrua i bakgrunnen. Fremst Sigrun, Arndis og Marit. Foto: Jorunn Ø.

Kaffipause ved gapahuken nede på Nesset. Foto: Marit S

I denne ruta er det fleire fine rasteplassar med benkar og bord. Denne turen var det først pause i Fosstrøinn og så ein god kaffipause nede på Nesset. Der er det ein riktig fin gapahuk.

Rett inn for Fosstrøinn ligg Fillipbrua i Ramsøydalane. Ho vart oppsett først på 1900-talet av Lort Ethelbert Phillips for enkelt å kunne krysse elva ved laksefiske.

Laksen Ethelbert har fått besøk av Jorunn, Ester Karin og Dordi. Foto: Marit S

På tur over Fillipbrua. Jorunn og Dordi. Foto: Marit S

I alt vart 17 deltakarar med på kløverturen denne vårdagen; ein retteleg triveleg føremiddag med godt sosialt samvær. Jon Bruset var med som kjentmann og hadde mykje å fortelje.

Neste kløvertur blir 31. mai.

Med på tur i dag: Sigrun, Helga, Dordi F, Eli, Anne Helene, Liv Jorunn, Ester Karin, Synnøve G, Marit, Jon, Kari, Jean, Synnøve, Dordi, Arndis, Dordi Ingeborg. Foto: Jorunn Ø

Fint ved Toåa i dag. Gapahuk ved Hengebrua. og. Foto: Jorunn Ø.

Publisert: 10. mai 2021, 20:48