Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 4. mai 2021

Først måndag i mai vart det Kløvertur i Gammelvegen. Veret var godt, det var godt oppmøte og det vart ein god turdag.

Så langt i år har Todalen sanitetsforening arrangert 10 kløverturar, og oppmøtet syner at dette er eit tilbod som blir sett pris på. Mange går tur – kanskje kvar dag, men ofte åleine, derfor er det kjekt med turfølge ein gong i veka.

Frå venstre: Dordi, Åshild, Sigrun, Marit, Arndis, Åse, Jorunn, Kari, Anne Helene, Jean, Synnøve, Ester Karin, Mari. Foto: Dordi J H

På benken ved Bregulhammaren. Anne Helene, Sigrun og Jorunn. Foto: Dordi J H

Gammelvegen er ein del av Svinvikrunden som er Stikk UT!-tur. I løpet av dei tre første dagane i denne sesongen er det no registrert 183 turar her med 168 unike brukarar!

På grunn av sein vår og mykje snø er det berre fire Stikk UT!-turmål som er opna i Surnadal kommune. Dei andre turmåla er Kleiva, Rundtur om Årneshola og Rundtur om Omfløddøra. Kleiva har nest flest besøk med 103 registrerte turar og 91 unike brukarar.

Svinvikrunden er altså eit populært turmål år etter år.

Pause på Kammen. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 4. mai 2021, 07:24