Kløvertur utover Stranda
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Vi fann 950 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Medlemmer av Todalen sanitetsforening var laurdag 11. februar samla i Sanitetshuset for å sjå overføring frå Oslo der årets Fredrikkepris vart delt ut. Fredrikkeprisen er ein heiderspris som blir delt ut årleg. Det var 17 nominerte til prisen i år, og Todalen sanitetsforening hadde nominert Kari Løvendahl Mogstad. Ho gjer og har gjort eit godt og viktig arbeid for kvinnehelse og opplysningsarbeid når det gjeld spiseforstyrrelsar. Men prisen gjekk til Lise Klaveness, og ein meir verdig prisvinnar kan ein knapt få. Ho fekk stor applaus frå sanitetskvinnene i Todalen.
Leiar Maren Ansnes ønskte 18 medlemer vel møtt til årsmøtet, og ho syntest det var ekstra kjekt å seie velkomen til ein ny medlem i foreininga. Medlemstalet den 31.12.2022 var 87.
Todalen sanitetsforening held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 7. februar kl. 18:30.
Etter ein lang og god julepause var det klart for første strikkkekaffe i 2023, og det var kjærkome! Heile 19 jenter i godt vaksen alder møttest i Sanitetshuset laurdag 28.januar.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 28. januar i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 12. desember. Det er mange ledige timar.
Siste måndagen i november vart det også siste kløverturen i 2022. Fint ver, og tur i Toåa tursti.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 28. november kl. 11:00. Start frå Matkroken Todalen. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
For første gong inviterte Todalen sanitetsforening til førjulslunsj på ein laurdag; det vart ein suksess! Det vart fullt rundt borda; bortimot 40 personar møtte fram.
Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar til lunsj i Sanitetshuset laurdag 26. november kl. 13:00. Her blir det god og gratis mat.
Nest siste måndagen i november var det retteleg kald vind frå aust, men kløvertur vart det! Ikkje så mange deltakarar, men godt påkledde og såg mest ut som «polfarar».