Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Beredskapsplan for Todalen»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. april 2023

I går kveld var dei fleste laga, organisasjonane og bedriftene i Todalen samla i Sanitetshuset for å sluttføre «Beredskapsplan for Todalen». Arbeidet med plana tok til rett før påske, og kunne i går kveld sluttførast. Det er viktig å ha ei beredskapsplan for å vere førebudd om alvorlege hendingar som til dømes: isolasjon på grunn av ras over veg, straumutfall, flaum/naturkatastrofar og krig oppstår.  

Plana er laga for å ivareta liv og helse på beste måte i krisesituasjonar der bygda, eller deler av bygda, kan bli isolert frå omverda, og fram til det er mogleg å få inn hjelp utanfrå. Plana er også eit viktig supplement og kjem i tillegg til anbefalt eigenberedskap frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), sine råd om kva husstandar i Norge bør ha for å ivareta eigenberedskapen sin, for å vere rusta i ein eventuell krisesituasjon. 

Plana skal reviderast kvart år. I plana finn ein oversikt over oppmøtestad for informasjon i krisesituasjonar, kvar ein kan få påfyll av reint drikkevatn, kvar det er hjartestartarar, kvar ein kan få tak i spesialutstyr og fellesareal for eventuell matservering og overnatting, om dette skulle bli naudsynt.

Solveig Glærum, Elinor Bolme, Mikael K. Heimlund og Monika Klungervik vart valt inn i den nyoppretta beredskapsgruppa som er eit direkte resultat av «Beredskapsplan for Todalen».

Matkroken Todalen er oppmøtestad for Todalen i ein eventuell krisesituasjon. Her er det straumaggregat og her vil kriseleiinga ha base for å gje ytterlegare informasjon i ein eventuell krisesituasjon.

Det vil etter kvart kome meir informasjon om «Beredskapsplan for Todalen», og informasjonen vil bli gjort tilgjengeleg med oppslag på Matkroken Todalen og andre strategiske plassar.

Publisert: 20. april 2023, 10:25