Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening melder: Sal av maiblomster og nytt kunstlotteri!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 20. april 2023

No er det snart mai og eit fast vårteikn her i bygda er sal av maiblomster, det har det vore i ca. 100 år.

Det blir salg av maiblomster ved Matkroken fredag 21. april og laurdag 29. april. I år er det salg av bilblomster og maikrians. Inntekta av salget går til Sanitetskvinnenes arbeid for ein trygg og inkluderande oppvekst for barn og unge.

 

NKS skriv: «Stadig flere vokser opp i fattigdom. Kjøp en maiblomst og bidra til at flere barn og unge får noe å glede seg til!»

KUNSTLOTTERI

No er det nytt kunstlotteri, og årets bilete er måla av Bente Alise Ørsal frå Ørsta. Biletet har tittelen: «Lofotveggen». Lodd kan kjøpast via VIPPS og så blir det loddsalg utover året. Viss ein kjøper lodd på vegne av andre enn seg sølv, må ein skrive namnet til den som skal ha loddet, når ein VIPPSAR.

Sjå plakat her:

 

Publisert: 20. april 2023, 09:01