Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i sol og godver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. mars 2023

Siste måndagen i mars vart det endeleg kløvertur i sol og godver! Riktig så godt! Men skarp og kald luft! Så den vesle nysnøen som kom sist natt, tina ikkje bort anna enn på asfalten.

Det er framleis snø og dårleg føre for fotturar både på Tjønnmyran og i Toåa tursti, så da vart det på nytt «asfalttur» for kløverturgjengen; og det er ikkje det beste for kne og hofter! Men sola skein, praten gjekk livleg og jentene fekk ein god tur.

På Husby. Frå venstre: Jorunn Ø, Dordi, Helga, Kari, Marit, Jorunn H, Helen. Foto: Dordi J H.

Og tankane gjekk til ein song frå skuletida:

Å, nei for himmel rein og klår!

Å, sæle meg no blir det vår!

                                Arne Garborg i Haugtussa.

Kløverturen tek no påskeferie, og neste kløvertur blir da måndag 17. april.

Fleire bilete:

Vintervegar! Godt med sol! Foto: Marit Sanden Søyset.

Utover Halagrenda. Foto: Marit Sandes Søyset.

«Snuplass» – Pilskaret. Foto: Dordi J H.

 

 

Publisert: 27. mars 2023, 18:26