Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. mars 2023

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til strikkekaffe kvar tredje laurdag, og det er eit sosialt og godt miljøtiltak. Det gjer nemleg så utruleg godt å treffast til uformell prat og kaffelag.

Kari Kvendset og Eli Marie Bruset var vertinner, dei stilte med sjokoladekake og graut og bakels til kaffipausen; fortreffeleg godt!

Det var utlodding med mange fine gevinstar, og utfallet av lotteriet var at alle loddkjøparane vann minst ein gevinst kvar! Godt gjort!

Dagens vertinner var Eli og Kari. Foto: Dordi J H.

Langvegsfarande frå andre sida av fjorden var Tora og Sigrid. Tora budde dei ni første åra av livet sitt i Øyann i Halagrenda og kjenner seg enno litt som todaling.

Neste strikkekaffe blir første laurdagen etter påske som er 15. april.

Triveleg treff i Sanitetshuset. Foto: Dordi J H.

Her er det berre å forsyne seg! Synnøve G, Synnøve T og Sigrid. Foto: Dordi J H.

Publisert: 18. mars 2023, 21:03