Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Varierte aktivitetstilbod frå Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. april 2023

Todalen sanitetsforening arrangerte laurdag 15. april strikkekaffe og måndag 17. april kløvertur, altså tilbod om sosialt samvær både innomhus og utandørs.

Triveleg rundt borda på strikkekaffe. Foto Marit Sanden Søyset.

Strikkekaffeen var i Sanitetshuset. Synnøve Hole Talgø og Marit Sanden Søyset var vertinner og serverte kaffe med godsaker til. Praten gikk lett, og det var ei triveleg og god ettermiddagsstund.

Eldste deltakar Jenny fyller 102 år til hausten, og ho strikka lestar. Ein kan undrast på kor mange plagg ho har strikka, kor mange meter med garn ho har brukt og kor mange masker ho har lagt opp gjennom åra – det siste trur underteikna må bli eit astronomisk stort tal!

Synnøve er vertinne og Jenny stikkar lestar, jamnt og fint! Foto Marit Sanden Søyset.

Flittige hender – Jenny blir 102 år om akkurat eit halvt år. Foto Marit Sanden Søyset.

Kløverturen gjekk etter Toåa tursti, ein grei start etter ein lang og solfylt påskeferie. Det var så uendeleg godt å gå tur i småsko og på ein stiga utan snø og glatte parti! Det var ikkje ein dag for tidleg!

Turgåarane hadde lang og god pause i Gapahuken ved Båthølen og avslutta med ein ekstra kaffekopp i solveggen ved Matkroken.

Fine vårdagar både inne og ute!

Skiltet informerer om Toåa tursti – Toåa hiking trail. Turgjengen snudde her og tok same ruta tilbake – kjekkare med tursti enn asfaltveg. Foto: Dori Jorunn Halle.

Ein fin dag! Her ved Båthølen. Foto: Dori Jorunn Halle.

Mange fine kvileplassar langs Toåa, her i Gunnøya. Foto: Dori Jorunn Halle.

 

Publisert: 17. april 2023, 19:45