Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


Stor stas med ti-kaffe!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. juni 2017

Midt i slåttonna inviterte banehagen og skulen i Todalen familie, naboar og vener til Tikaffe i gymsalen, og riktig mange møtte opp og kosa seg både med underhaldning, kaffe, bakels og triveleg lag.


Tikaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. juni 2017

Tysdag 13.juni blir det «Tikaffe» ved Todalen oppvekstsenter klokka 10.00!


Unge kunstnarar – flott utstilling

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. juni 2017

Fredag opna glade, spente og forventningsfulle barnhageungar utstilling av eigne arbeid i Skulstuå. Her var det stor variasjon i motiv i glade fargar – retteleg flott!


Barnehagen med kunstutstilling

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. juni 2017

Barnehagen opnar utstilling i «Skulstuå» fredag 9/6 kl 14, og held ope til kl 16 på ettermiddagen. Dei håper at mange tek turen innom for å sjå noko av det som barnehagebarna har måla og teikna i løpet av våren. I vinter har barnehagen vore så heldige å fått sett utstillingar med Sissel H. Storslett og Reidar Østvik, og dei vart inspirert til å laga si eiga utstilling.


Ei allsidig skuleveke

Elinor Bolme Laurdag 3. juni 2017

Frå Britt Mossing, rektor ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått ei lita helsing frå alle ulike aktivitetar som har foregått på skulen den siste tida.


Ledig stilling som rektor i Todalen

Elinor Bolme Onsdag 24. mai 2017

Frå 01.08.2017 er det ledig 100 % stilling som rektor ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter, avd. Todalen skule melder Surnadal kommune på si heimeside.


Tjuvstarta strandryddedagen

5. klasse Fredag 5. mai 2017

Torsdag 4. mai var Todalen skule på Vorpnesset og ryddet stranda for søppel. Halve skulen sykla til enden av vegen og møtte der dei som hadde fått sitte på bil utover, så gjekk vi alle resten av vegen.


Fin-fine damer og tøffe typar på skulen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. mars 2017

Onsdag var det tid for karneval på skulen. Siste økta før lunsj kom ansiktsmåling og utledingsklede fram, og det vart stor aktivitet framfor speglar, i garderobar og i krokar.


Avslutta veka med kunstutstilling

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. januar 2017

Fredag ettermiddag var barnehageungane og elevane ved Todalen oppvekstsenter inviterte på kunstutstilling i Gammelskulen.


Heldig nisse

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. desember 2016

Tysdag 20.desember koka dei julegraut i Todalen barnehage, og etter at ungane hadde ete seg gode og mette, var det ein stor kumme med graut att. Det var bra, for dei visste at nissen også gjerne ville ha julegraut.


Den tradisjonelle juleavslutninga unnagjort for i år

Elinor Bolme Torsdag 15. desember 2016

Ein fullsett gymsal og vel 30 spente elevar og barnehageborn sette rammene for den årlege tradisjonelle juleavslutninga på Todalen oppvekstsenter no i kveld. Elevane hadde førebudd seg godt i tida før kvelden og framførte både eventyr, songar og andre kunstneriske innslag til dei mange frammøte.


Juleavslutning

Elinor Bolme Måndag 12. desember 2016

Årets juleavslutning for Todalen oppvekstsenter nærmar seg.  Dato er førstkommande torsdag, den 15. desember. Elevane har nok førebudd seg ei lita stund no, og håper at så mange som muleg har høve til å ta seg ein tur på skulen.