Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor stas med ti-kaffe!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. juni 2017

Midt i slåttonna inviterte banehagen og skulen i Todalen familie, naboar og vener til Tikaffe i gymsalen, og riktig mange møtte opp og kosa seg både med underhaldning, kaffe, bakels og triveleg lag.  

«Når du blir så gammel…» alle ved oppvekstseneret var med på songen. Foto: Dordi J H

«Ti-kaffe» i skulen og barnehagen starta opp rundt 1990, altså alt ein gammal, godt innarbeidd og triveleg tradisjon. Men det er vel første gongen at arrangementet er på ei slik tid av året at slåtten har begynt. I «gamle dagar» var det alltid tikaffepause i slåttonna og andre onner, så det passa riktig godt med tikaffe ein grå dag i juni.

Ungar frå barnehagen. Frå venstre: Lisa, Nathalie, Lars Ailo, Ådne, Øyvor, Håkon, Jakob, Edvard, Fredrik, Trym. Foto: Dordi J H

Arrangementet opna med at alle ungane og dei tilsette på lang, lang rekke kom syngande inn i gymsalen og smaug seg fram mellom borda – stilig! Songen hadde enkel tekst: «Når du bli gammel så ho bessmor di, da e det for seint med frieri!» Melodien er ein fin folketone frå Nordmøre, men teksten er  litt gammeldags i våre dagar. Elevane song deretter ein ny folketone: «Pissikatt, kvar låg du i natt?» – ei vise som har vore mykje bruka her i bygda. Riktig kjekt å høre desse folketonane frå unge songarar!

Diktlesing. Frå venstre: Nils Erik, Tor Asbjørn, Jens Sancho,Sivert, Markus, Hallvard, Nora. Foto: Dordi J H

Ungane i barnehagen hadde sjølve bestemt songinnslag, dei song «Mikkel rev» med fynd og klem. Flott innsats! Elevar frå småskuletrinnet las eigne dikt – dikt som var skrivne til «Vårsøghelga». Mange artige dikt med forskjellig tema som fotball, vener, kjæledyr osb. Britt Mossing fortalde at kvart år blir det plukka ut elevar frå kvar skule i kommunen til å lese dikt på Kleiva. I år representerte Nicole Nordvik Todalen skule og las diktet sitt «Friminutt», eit fint, lite dikt som lyder slik:

               FRIMINUTT

Eg og Martine klatrar opp i eit tre

            Vi kikar rundt

            Så klatrar vi ned

Etter diktlesinga vart det rock ved elevar frå storskulen – «Hjalmar» av Trond Viggo Torgersen, eit friskt innslag.

«Hjalmar». Frå venstre: Siri, Van Adrian, Ingebrigt, Edel Therese, Julia, Lisabet. Karoline, Maren, Foto: Dordi J

Rektor Britt Mossing takka for at så mange kom – mestå overraskande mange, og det er kjekt, sa ho. Ho takka også for god støtte frå bygda og andre i løpet av året. Ho nemnde først besteforeldre som stilte opp mange fredagar i vinter og var strikkehjelp, så idrettslaget som alltid er velviljug når det gjeld lån av utstyr, anlegg og oppkjøring av skidårer og saniteten som stiller med lesevener i småskulen. 

Vekselsong mellom jenter og gutar: «Pissikatt, kvar låg du i natt?» Foto: Dordi J H

Sjølvsagt var det tradisjonell servering ein slik dag – graut og bakels som smaka fortreffeleg!

Kjekt med Tikaffe og triveleg prat. Frå venstre: May-Elisabeth, Wenche, Gudmund, Vidar, Tor. Foto: Dordi J H

Barnehagen, skulen, foreldre og bygda samarbeider godt. Familie, vener og naboar til ungane ved oppvekstsenteret set tydeleg pris på barnehagen og skulen, og ungane syntest det var stor stas med besøk. 

Quizrunde – denne gruppa kunne tenkt seg fleire spørsmål om fotball. Frå venstre: Jens Sancho, Hallvard, Gunnar, Nicole. Foto: Dordi J H

Triveleg å møtast på skulen. Frå venstre: Britt, Malli, Marit, Lisabet d.e., Randi. Foto: Dordi J H

 

Først publisert: 13. juni 2017, 16:19 - Sist oppdatert: 14. juni 2017, 09:20