Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin-fine damer og tøffe typar på skulen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. mars 2017

Kjekt med karneval. Foto: Dordi J H

Onsdag var det tid for karneval på skulen. Siste økta før lunsj kom ansiktsmåling og utledingsklede fram, og det vart stor aktivitet framfor speglar, i garderobar og i krokar. Etter kvart dukka mange forskjellige skapningar fram: Prinsesser, fin-fine damer og herrar, cowboy, klovn, skrømt , tøffe typar, arbeidskarar, babyar, spiderman, katter, drakar osb. Men sjølv om mange såg skumle ut, var dei heldigvis fredelege.

Kjekt med karneval. Foto: Dordi J H

Den vanlege lunsjen vart skifta ut med pølse med brød, seinare vart det frukt med vaniljesaus til dessert. I gymsalen var det polonese, forskjellige konkurransar og sjølvsagt kom «katta ut av sekken» –  og det vart godteri til alle.

Kjekt med karneval. Foto: Dordi J H

Kjekt med karneval. Foto: Dordi J H

Alle såg ut til å synest at det var kjekt med karneval og variasjon i skulekvardagen.  

Kjekt med karneval. Foto: Dordi J H

Artig med karneval. Foto: Dordi J H

Publisert: 8. mars 2017, 20:41