Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1689 artiklar i dette arkivet.


Informasjon Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. september 2023

Todalen Idrettslag melder at setet på multitreningsapparatet på Hett & Svett er ødelagt. Det vil bli prøva å få sveisa setet, men om ikkje dette går, så må nye deler kjøpast, og det kan ta litt tid. Meir informasjon kjem etter kvart. 


Lagseriestemne med lærerikt besøk

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. september 2023

I går ettermiddag hadde barne- og ungdomsgruppa i Todalen invitert til lagseriestemne på Bordholmen. Oppmøtet var ikkje det heilt store, men dei som var der fekk ein fin kveld. For etter at sjølve lagseriestemnet var ferdig, kom Sigve og Per Holten på besøk, for å lære bort litt om kulestøyt og diskoskast, to øvingar, få eller ingen av dei frammøtte hadde prøvd før!


Lagseriestemne på Bordholmen i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. september 2023

Søndag 17. september klokka 17:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Klokka 18:00 kjem surndalingen Sigve Holten frå, for å lære bort kulestøyt. 


Lokaloppgjer på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. august 2023

I kveld var det eit skikkeleg lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion, da Søya/Todalen G 11 spela heimekamp mot sine gode naboar Surnadal G 11. Vêrgudane var ikkje heilt i «god lune», men det var i alle fall opphaldsvêr, men litt kald trekk. Men kamp vart det, og mange hadde teke turen for å sjå lokaloppgjeret. 


Fin aktivitetsdag på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. august 2023

I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til aktivitetsdag, og sjølv om vêrmeldingane ikkje var dei aller beste for, så vart vêret og oppmøtet på arrangementet ganske bra. Tretti ungar og ungdommar var med på lagseriestemnet, der det var lengde med og utan tilløp, kast av liten ball, sprang 60 meter og 400 meter. 


Fotballkamp på Bordholmen tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. august 2023

Tysdag 29. august spelar Søya/Todalen sitt G 11-lag heimekamp på Bordholmen stadion klokka 18:00. Da kjem Surnadal G 11 på besøk, så da er det duka for eit skikkeleg lokaloppgjer! Båe lag har fleire todalingar på laget. 


Inviterer til aktivitetsdag med lagseriestemne og mykje anna

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. august 2023

Søndag 27. august frå klokka 12:00 og litt utover ettermiddagen, inviterer Todalen Idrettslag alle i Todalen og Stangvik skulekrins til ein variert aktivitetsdag med mange aktivitetar på Bordholmen stadion. I tillegg til alle aktivitetane blir det open kiosk med sal av bakels med graut, pølser med brød, kaffe, brus, is og sjokolade. Det blir også eit dagslotteri med fine gevinstar! 


Aktivitetsrommet bortimot klart til bruk

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. august 2023

I går kveld var det innflyttardugnad i det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Astrid Longva Kvendset frå Surnadal Håndverk har vore rådgjevar og inspirator for målararbeidet, og Happy Homes Surnadal har sponsa måling og målarutstyr til det nye aktivitetsrommet. 


Innflyttingsdugnad i aktivitetsrommet

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. august 2023

I morgon, måndag 14. august klokka 18:00 inviterer styret i Todalen Idrettslag til innflyttingsdugnad i det nye ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen, som no er klart til innflytting.


Operakonsert i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. august 2023

Operaen i Kristiansund og Stangvikfestivalen arrangerer komande veke sommarakademi. Som avslutning på sommarakademiet blir det operakonsert i Todalen ungdomshus laurdag 12. august klokka 20:00.


Stikk UT! – midtvegs i sommarsesongen

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. juli 2023

Sesongen for Stikk UT!-sommar er no halvgått, og det er stor aktivitet i Stikk UT!-turane i Todalen. Toåa tursti har klart flest besøk i Surnadal kommune.


Dugnad i Toåa tursti fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juli 2023

Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti fredag 21. juli klokka 11:00, for litt vedlikehalds- og reparasjonsarbeid på den fine og populære turstien sin. Det trengs folk med river, ryddesag, motorsag og arbeidslyst.