Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lagseriestemne med lærerikt besøk

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. september 2023

I går ettermiddag hadde barne- og ungdomsgruppa i Todalen invitert til lagseriestemne på Bordholmen. Oppmøtet var ikkje det heilt store, men dei som var der fekk ein fin kveld. For etter at sjølve lagseriestemnet var ferdig, kom Sigve og Per Holten på besøk, for å lære bort litt om kulestøyt og diskoskast, to øvingar, få eller ingen av dei frammøtte hadde prøvd før!

Ådne klar til å prøve kulestøyt. Foto: Anders Gjeldnes

Lagseriestemnet starta, som vanleg, med lengde med og utan tilløp. Så vart det kast av liten ball, 60 og 400 meter.

Så var det Lars Ailo sin tur. Foto: Anders Gjeldnes

Kveldens høgdepunkt var nok denne gongen å få møte Sigve Holten. Han er 15 år og tok førre helg gull i diskos, kule og slegge, under ungdomsmeisterskapet i Bergen. Sigve er i norgestoppen i si aldersgruppe, og han kom, saman med far Per, som også er trenar for Sigve, til Todalen for å lære bort litt om kulestøyt og diskoskast.

Og så var det Adrian sin tur. Anders Gjeldnes

Sigve starta med å vise fram dei ulike teknikkane som har vore brukt i kulestøyt. Og det var ei interessert forsamling som fekk ein kort historisk gjennomgang av korleis teknikken har endra seg fram rotasjonsteknikken, som er den dominerande, i alle fall på herresida i dag, kunne Sigve og Per fortelje.

Jens Sancho klar for å prøve kulestøyt. Foto: Anders Gjeldnes

Etter at Sigve hadde vist og forklart litt, fekk alle dei frammøtte, med kyndig rettleiing frå Sigve, prøve nokre kulestøyt.

Sigve viser fram kulestøyt. Foto: Anders Gjeldnes

Etterpå gjekk Sigve og Per over til å vise fram diskoskast, før det vart litt prøvekasting, også denne gongen under kyndig rettleiing frå Sigve og Per.  

Sigve viser fram diskoskast. Foto: Anders Gjeldnes

Det vart ein dermed ein lærerik og interessant kveld for dei frammøtte, som fekk prøve to øvingar som dei ikkje var kjent med frå før. Så står det att å sjå om dette er øvingar nokon vil prøve meir seinare? Barne- og ungdomsgruppa hadde også ordna med frukt, som deltakarane fekk servert. 

Magnar får instruksjon av Sigve i diskoskasting. Foto: Anders Gjeldnes

Publisert: 18. september 2023, 06:16