Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokaloppgjer på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. august 2023

I kveld var det eit skikkeleg lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion, da Søya/Todalen G 11 spela heimekamp mot sine gode naboar Surnadal G 11. Vêrgudane var ikkje heilt i «god lune», men det var i alle fall opphaldsvêr, men litt kald trekk. Men kamp vart det, og mange hadde teke turen for å sjå lokaloppgjeret. 

Surnadal med corner. Foto: B G Ansnes

Det var bortelaget som kom best i gang, og hadde initiativet utover i første omgang. Men mot slutten av omgangen kom heimelaget meir med, og seste tredjedel av omgangen vart meir jamspelt. 

Forsvaret til Søya/Todalen ryddar opp! Foto: B G Ansnes

Andre omgang starta med eit press frå heimelaget, eit press dei klarte å utnytte i teljande resultat i form av mål. Utover i omgangen jamna spelet seg ut, men det var bortelaget som var mest effektiv framfor mål. Da dommar Knut Bergli bles i fløyta for siste gong, var det nok bortelaget som hadde flest noteringar i målprotokollen.

Så var det Søya/Todalen som prøvde seg framover! Foto: B G Ansnes

Båe lag varta til tider opp med skikkeleg fint spel, men bortelaget var, som tidlegare nemnt, litt meir effektive framfor mål. Båe lag hadde gode keeperar, og dei varta opp med mange gode redningar for laga sine. 

Takk for kampen! Foto: B G Ansnes

Alt i alt ein god og velspelt kamp, med god stemning, både på og utanfor banen, i ekte «fair-play» ånd. 

Publisert: 29. august 2023, 19:10